Jon Lauvland Pettersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Lauvland Pettersen
Fødd 17. oktober 1975
Yrke trommeslagar

Jon Lauvland Pettersen (fødd 17. oktober 1975) er ein norsk trommeslagar og låtskrivar frå Hadsel kommune i Vesterålen.

Madrugada[endre | endre wikiteksten]

Pettersen var ein av dei opphavlege medlemmene i rockegruppa Madrugada, eller ØX, som ho heitte i byrjinga. Pettersen spelte i lag med bassist Frode Jacobsen og gitarist Marius Almås Johansen. Sivert Høyem kom til noko seinare.

I 1997 flytta bandet til Oslo, og gitarist Johansen vart på denne tida erstatta av Robert Burås. Pettersen spelte på den fyrste EP-en til bandet som kom i 1998, og også på den fyrste plata, Industrial Silence frå 1999, som bandet vann Spellemannprisen 1999 for. I åra 1998 - 2001 gav bandet ut fleire EP-ar. Lauvland Pettersen er kreditert som co-låtskrivar på mange av songane til gruppa.

CD nummer to; The Nightly Disease kom i 2001. Han vart innspelt i USA, framleis med Lauvland Pettersen bak trommene, men han forlét bandet i 2002. Simen Vangen erstatta han som trommeslagar.[1]

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Seinare har Lauvland Pettersen starta opp jazzgruppa Milestone Refinery, m.a. saman med Gudmund Østgård, som spelte gitar i Madrugada ei kort stund. Bandet gav ut cd-en Citric Love i 2004. [2]

Lauvland Pettersen er i dag (2012) tilsett som dagleg leiar i Hurtigrutens Hus Hadsel KF.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. NRK.no om Madrugada
  2. Citric Acid på Rockipedia
  3. «Jon Lauvland Pettersen». Hadsel kommune. 22. mars 2012. Arkivert frå originalen 2015-06-11.