Jonas Enge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Enge
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. april 1908
Død

11. mars 1981 (72 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Far Cornelius Enge

Jonas Enge (24. april 190811. mars 1981) var ein norsk gardbrukar frå Vik på Helgeland som var stortingsrepresentant frå Nordland fylke og for Arbeidarpartiet gjennom tjue år, 1950-69. Også far hans, Cornelius Enge, var i si tid stortingsmann.

Enge gjekk 1929 fylkesskulen i Bodø, realskule 1930/31 ved Firda gymnas i Førde og 1934/35 på Treiders handelsskule i Oslo. I 1936 tok han over postopneriet i heimbygda etter far sin, og i 1942 også farsgarden. Han stod som drivar av desse til 1978.

Frå 1945 til -51 var Enge varaordførar i Sømna herad, deretter ordførar 1952-55. Ved stortingsvalet 1949 vart han vald til å representere Arbeidarpartiet på Stortinget, og vart attvald ved dei neste fire stortingsvala. Den fyrste fireårsbolken, 1950-53, var han medlem i Administrasjonskomiteen, frå 1954 hadde han fast sete i Landbrukskomiteen til han gjekk ut av Stortinget i 1969.

Enge var formann i Regionplanrådet for Sør-Helgeland i tida 1969-76.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]