Jonathan Parr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jonathan Parr
Personleg informasjon
Fødd 21. oktober 1988 (31 år)
Fødestad Oslo
Høgd 182 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Crystal Palace
Ungdomsklubbar
Noreg Holmlia
Noreg KFUM
Noreg Hauger
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-07
2007-11
2011-
Noreg Lyn
Noreg Aalesund
Flag of England.svg Crystal Palace
11 (0)[1]
111 (8)[1]
5 (1)[1]
Landslag
2008-
2010-
Noreg Noreg U21
Noreg Noreg
18 (0)
2 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. juni 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 13. juni 2011

Jonathan Parr (fødd 21. oktober 1988 i Oslo) er ein norsk fotballspelar. I 2011/12-sesongen spelar han i angrep for Crystal Palace i engelske Football League Championship, den nest høgste divisjonen der.

Parr var hospitant frå Noregs Toppidrettsgymnas hjå Lyn i 2006-sesongen og hadde fleire innhopp etter tippeligadebuten sin mot Stabæk på Ullevaal stadion den 30. april 2006. Han kjem opphavleg frå Holmlia Fotball, men har også spelt for KFUM-Kameratene Oslo og Hauger Fotballklubb før han vart teken opp i stallen til Lyn. I mars 2007 gjekk han til Aalesund, der han stort sett har vore fast på laget sidan. I juli 2011 vart han seld til Crystal Palace i England.

Parr har 14 kampar for det norske U18-/U19-landslaget og har 18 kampar for U21-landslaget. 29. mai 2010 debuterte han på A-landslaget mot Montenegro, og han vart med det den første AaFK-spelaren som starta ein A-landskamp.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Norsk og internasjonal fotballstatistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]