Jonny Greenwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonny Greenwood

Greenwood på scenen under Hurricane Festival i 2007
Fødd5. november 1971 (52 år)
FødestadOxford i England
FødenamnJonathan Richard Guy Greenwood
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1985
SjangerAlternativ rock, electronica, kunstrock, eksperimentell rock
InstrumentGitar, piano, klaverinstrument, ondes martenot
Tilknytte artistarRadiohead, London Contemporary Orchestra, Shye Ben Tzur, The Smile
PlateselskapNonesuch, XL, Parlophone, WEA, Trojan, Sanctuary, Capitol, Lakeshore
Verka somMusikar, komponist
PrisarBritish Independent Film Award for Best Music

Jonathan Richard Guy Greenwood (fødd 5. november 1971) er ein engelsk musikar og komponist. Han er sologitarist og klaverspelar det alternative rockebandet Radiohead og har skrive mykje filmmusikk.

I lag med den eldre broren, Radiohead-bassisten Colin, gjekk Greenwood på Abingdon School i Abingdon nær Oxford i England, der han møtte dei framtidige bandmedlemmane sine. Greenwood var den yngste t gruppa og den siste som kom med, og spelte først klaverinstrument og munnspel, før han etter kort tid vart sologitarist. Han gav opp musikkstudiane då bandet fekk kontrakt med Parlophone. Debutsingelen deira, «Creep», markerte seg med det aggressive gitarspelet til Greenwood. Radiohead har sidan blitt kritikarrost og seld over 30 millionar plater. I lag med andre medlemmar av Radiohead, vart Greenwood innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2019.

Greenwood har blitt kalla ein av dei beste gitaristane gjennom tidene av mellom andre Rolling Stone. Han er ein multi-instrumentalist og speler mellom anna bassgitar, piano, bratsj og trommer, i tillegg til ondes Martenot, eit tidleg elektronisk instrument. Han nyttar elektroniske teknikkar som programmering, sampling og looping og har laga programvare nytta av Radiohead. Han har sjølv skildra rolla si i bandet som arrangør, som har hjelpt til å omforme demoane til Thom Yorke til ferdige songar.

Greenwoord har arrangert strykarar og blåsarar på albuma til Radiohead og han har komponert musikk for orkester, inkludert London Contemporary Orchestra og BBC Concert Orchestra. Det første soloarbeidet hans, filmusikken til Bodysong, kom ut i 2003. I 2007 skreiv han musikk for There Will Be Blood, regissert av Paul Thomas Anderson og han har komponert musikk til alle Anderson-filmane etter det. I 2018 vart han nominert til Oscarprisen for musikken hans for Anderson-filmen Phantom Thread. Greenwood har òg mellom anna to samarbeid med regissøren Lynne Ramsay. Han har fleire gonger samarbeidd med den israelske komponisten Shye Ben Tzur, mellom anna på albumet Junun i 2015. I 2021 debuterte Greenwood med eit nytt band, The Smile, med Yorke og trommeslagaren Tom Skinner.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum med utvalde listeplasseringar
Tittel Detaljar Lister
US
Heat

[1]
US
World

[2]
Junun (med Shye Ben Tzur og The Rajasthan Express)
  • Utgjeve: 20. november 2015
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, kassett, digitalt
6 3

Filmmusikkalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar Lister
US
OST

[3]
US
Heat

[1]
US
Vinyl

[4]
Bodysong
There Will Be Blood
  • Utgjeve: 17. desember 2007
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
20 21
Norwegian Wood
  • Utgjeve: 10. desember 2010
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: CD, digitalt
The Master
  • Utgjeve: 10. september 2012
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
21 28
Inherent Vice
  • Utgjeve: 15. desember 2014
  • Selskap: Nonesuch
  • Format: LP, CD, digitalt
Phantom Thread
  • Utgjeve: 12. januar 2018
  • Selskap: Nonesuch, WEA[6]
  • Format: LP, CD, digitalt
You Were Never Really Here

Samelalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Lister
US
Reggae

[7]
Jonny Greenwood Is the Controller (med ymse artistar) 5

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

Tittel Lister
US
Classical

[8]
Octatonic Volume 2: Industry Water (with Michael Gordon)
  • Utgjeve: 24. september 2019
  • Selskap: Octatonic Records
  • Format: Vinyl,[9] download
10

Konsertverk[endre | endre wikiteksten]

  • 2004 - smear for to ondes Martenot og kammerensemble med ni musikarar[10]
  • 2004 - Piano for Children for piano og orkester (trekt attende)
  • 2005 - Popcorn Superhet Receiver for strykeorkester[11]
  • 2007 - There Will Be Blood live filmversjon[12]
  • 2010 - Doghouse for stryketrio og orkester[13]
  • 2011 - Suite from 'Noruwei no Mori' (Norwegian Wood) for orkester[14]
  • 2011 - 48 Responses to Polymorphia for 48 solostrykarar[15]
  • 2012 - Suite from 'There Will Be Blood' for strykeorkester[16]
  • 2014 - Water for to fløyter, piano, kammerorgel, to tanpura & strykeorkester[17]
  • 2015 - 88 (No 1) for solopiano
  • 2018 - Three Miniatures from 'Water' for fiolin, piano, 2 tampura og cello/bass-bordun[18]
  • 2019 - Horror vacui for solofiolin og 68 strykarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Jonny-Greenwood: Chart History - Heatseekers Albums». Billboard. Arkivert frå originalen 3. juli 2020. Henta 25. juli 2021. 
  2. «Jonny-Greenwood: Chart History - World Albums». Billboard. Arkivert frå originalen 25. juli 2021. Henta 25. juli 2021. 
  3. «Jonny-Greenwood: Chart History - Soundtracks». Billboard. Arkivert frå originalen 3. juli 2020. Henta 25. juli 2021. 
  4. «Jonny-Greenwood: Chart History - Vinyl Albums». Billboard. Arkivert frå originalen 25. juli 2021. Henta 25. juli 2021. 
  5. «Bodysong by Jonny Greenwood». Amazon Music. Arkivert frå originalen 12. november 2020. Henta 25. juli 2021. 
  6. «Phantom Thread (Original Picture Soundtrack)». Amazon Music. Arkivert frå originalen 20. mars 2021. Henta 25. juli 2021. 
  7. «Jonny-Greenwood: Chart History - Reggae Albums». Billboard. Arkivert frå originalen 25. juli 2021. Henta 25. juli 2021. 
  8. «Jonny-Greenwood: Chart History». Billboard. Arkivert frå originalen 5. juli 2020. Henta 25. juli 2021. 
  9. «Volume 2: Industry, Water». octatonicrecords.com. Arkivert frå originalen 3. juli 2020. Henta 25. juli 2021. 
  10. «smear». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  11. «Popcorn Superhet Receiver». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  12. «There Will Be Blood (live film version)». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  13. «Doghouse». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  14. «Suite from Norwegian Wood». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  15. «48 Responses to Polymorphia». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  16. «Suite from 'There Will Be Blood'». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  17. «Water». Faber Music. Faber Music. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juli 2021. 
  18. «Jonny Greenwood Debuts New Music Via Ensemble Signal Tiny Desk Concert». Stereogum. 20. mai 2019. Arkivert frå originalen 23. mai 2019. Henta 25. juli 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jonny Greenwood