Jording i sterkstraumsanlegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jording er ei viktig del av elektro- og elektronikkfaget.

Innan elektro er jording ein kritisk del av forskrifter, prosjekteringar, installasjonar og tryggleiken rundt bruk av elektriske system, medan det i andre tilfelle er nødvendig for at det elektriske systemet i det heile tatt skal fungere, som til dømes i togtrafikk. Denne artikkelen handlar om jording i sterkstraumsanlegg. For jording innan elektronikk sjå artikkelen Jording i elektronikk.

Generelle symbol[endre | endre wikiteksten]

Alle desse jordsystema møter kvarandre og vert kopla saman for å verne alle delane av det elektriske systemet.

  • Chassijord Chassijord. Vert brukt i skjeming over koplingane i elektriske apparat.
  • Systemjord for hovudstraum Systemjord. Det mest generelle jordsymbolet. Dette kan brukast over alt men vert mest nytta for å symbolisera hovudjord i bustadar, industribygg etc. Er ein usikker når ein skal teikne eit jordsymbol så nytta ein dette.
Ein typisk jordleiar som terminerast ned i eit jordspyd. Legg merke til fargekoden på sjølve jordleiaren: gul og grøn.

Jordingsmetode[endre | endre wikiteksten]

I sterkstraumsanlegg jordar ein til dømes ved å trekke jordleiarar frå sikringskapet til eit jordingspunkt i jorda utanfor bygget. Dette kan vere eitt eller fleire samankopla jordspyd, «blank» jordleiar som går i spiral under jorda rundt bygget eller andre jordmetoder. Dette vert så kopla inn på ei jordskinne i sikringskapet slik at ein kan vidarekople jord ut til stikkontaktar, lampar og andre apparat i dei einskilde delane i anlegget.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Ein jordar chassiet på elektriske apparat for at straumen ved ein jordfeil skal få ein låg impedans til jord, slik at menneske og dyr ikkje vert utsett for farlege spenningar om dei er i kontakt med chassiet på apparatet. Den låge impedansen til jord fører til at om det oppstår overledning i eit elektrisk apparat vil det eit stutt tidsrom flyta ein stor straum til jord, slik at jordfeilbrytaren snøgt kan aktiverast.

Eit bygg vert billigare å forsikre om det er installert jording i hele det elektriske anlegget[treng kjelde].

Apparat som datamaskinar, skrivarar, nettverksutstyr, etc. bør helst vera kopla til jorda kontaktar. Alle apparata som er kopla saman får ein felles jordleiar, slik at alle apparata får same jordpotensiale.

Når apparata er jorda vert òg statiske ladingar leia til jord. På denne måten kan ein unngå havari og slitasje på apparata eller anna utilsikta oppførsel[treng kjelde]. Om det til dømes oppstår potensialskilnadar mellom datamaskinen og eit anna apparat (på grunn av feil på eit eller begge apparata) kan straumen gjennom kroppen vera livstruande om han flyt forbi hjarta[treng kjelde]. Ein slik situasjon kan oppstå om ein røyrer ved dei to apparata med kvar si hand. Om ein er fuktig på fungrane er motstanden i huda mykje mindre enn for tørr hud og straumen gjennom kroppen vert større. Er begge apparata jorda så vil det ikkje verte spenningsskilnadar og det flyt ingen straum gjennom kroppen. Dette vert kalla at apparata er «utlikningsforbunde» med kvarandre. Utan denne bindinga flyt straumen der det er lågast impedans. Om denne leiaren er ei koparleiar eller eit menneske spelar inga rolle.