Jordskjelvet i Galilea i 749

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det sjuande jordskjelvet
jordskjelv
Skitop111.jpg
Scythopolis (Beit She'an) var ein av byane som vart øydelagd i jordskjelvet i 749
Land Flag of Israel.svg Israel, Flag of Syria.svg Syria Flag of Palestine.svg Palestina, Flag of Lebanon.svg Libanon Flag of Jordan.svg Jordan
Stad Sør-Levanten, i Bilad al-Sham-provinsen i Omajadekalifatet
Dato 18. januar 749[1][2]
Styrke estimert 7 til 7,5 på Richterskalaen[1]
Drepne og såra ukjend, i følgje rapportane titusenvis

Det sjuande jordskjelvet (hebraisk רעש שביעית), Ra'ash Shvi'it), òg kalla jordskjelvet i 749, var eit øydeleggjande jordskjelv som råka Palestina og det austlege Transjordan den 18. januar 749.[1][2] Byane Tiberias, Beit She'an, Hippos og Pella vart i stor grad øydelagde,m edan andre byar i Levanten fekk store skadar. I tillegg kan jordskjelvet ha teke ti tusenvis av liv.

Skadar[endre | endre wikiteksten]

I følgje historiske kjelder vart Scythopolis (Beit She'an), Tiberias, Capernaum, Hippos (Sussita),[3] Pella hardast råka. Ein koptisk prest frå Aleksandria rapporterte at berebjelkar hadde flytta seg i hus i Egypt og ein syrisk prest skreiv at ein landsby nær Tabor hadde «flytt seg 6 km.» Andre kjelder rapporterte om ein tsunami i Middelhavet, fleire dagar med etterskjelv i Damaskus, og byar som vart slukt av jorda.[1] Dødstala i Jerusalem var tusenvis. Mange bygningar, som Al-Aqsa-moskéen, vart hardt skadd. Byen Umm el Kanatir og den gamle synagoga der vart øydelagd.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Barkat, Amiram (8. august 2003). «The big one is coming». Haaretz. Henta 2. oktober 2014. 
  2. 2,0 2,1 Siegel-Itzkovich, Judy (14. oktober 2007). «749 CE Golan quake shows another is overdue». The Jerusalem Post. Henta 2. oktober 2014. 
  3. Segal, Arthur; Eisenberg, Michael (May–June 2006). «The Spade Hits Sussita». Biblical Archeology Review 32 (3): 41–51, 78. 
  4. Rosenberg, Stephen Gabriel (February 19, 2009). «The synagogue of Umm el-Kanatir». The Jerusalem Post. Henta 2. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Margaliot Mordechai, «Determining the Time of Seventh jordskjelv», Israel Exploration Society 8, 1940/1941. (he)
  • Margaliot Mordechai, «A New Record of the Fasting jordskjelv», Tarbitz 29, 1959/1960, s. 339–344. (he)
  • Tsafrir Y. Ferster C, «On the Dating of the Seventh jordskjelv», Tarbitz 58, 1988/1989, s. 357–362. (he)
  • The Seventh jordskjelv – The Death of the City