Bilad al-Sham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilad al-Sham
Provins i Rashidun-, Umayyade- og Abbaside-kalifata
Simple Labarum2.svg
636 – 940-åra Blank.png
 
Blank.png
Location of Syria
Historisk periode Mellomalderen
 - slaget ved Yarmouk 636
 - den første Fitnaen 656–661
 - Tulunid-kontroll 878–904
 - Nedlagt 940-åra

Bilad al-Sham (arabisk بلاد الشام, landet Syria) var ein provins i Rashidun-, Umayyade- og seinare Abbaside-kalifatet i regionen Syria. Det omfatta det tidlegare bysantinske områda i Bispedømet i Aust og vart organisert kort tid etter den muslimske erobringa av Syria midt på 600-talet, som var over med det avgjerande slaget ved Yarmouk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På tida då den arabiske erobringa av Rashidun skjedde, og dei austromerske herskarane vart drivne bort, var regionen 'Bilad al-Sham' (Levanten) hovudsakleg busett med lokale arameisktalande kristne bønder (som mardaittar) som utgjorde mesteparten av den lokale folkesetnaden, dei arabiske ghassanidane og nabatearar, i tillegg til ikkje-monofysittiske gresk-ortodokse kristne minoritetar kalla melkitar eller Rûm (som i denne samanhengen tyder «austromersk» eller «bysantinsk») og ikkje-kristne minoritetar som jødar, samaritanar og ismaelittiske iturearar. Folkesetnaden i regionen vart ikkj hovudsakleg muslimsk og arabisk før nesten tusen år etter erobringa.

Etter den muslimske erobringa, vart Syria styrt i tjue år av Muawiyah ibn Abu Sufyan av Banu Umayya, som gjorde provinsen til maktbasen for familien sin. Med militærstøtte frå Syria sigra Muawiyah i den første Fitnaen og oppretta Umayyade-kalifatet. I Umayyade-tida vart al-Sham delt inn i fem jund eller militærdistrikt. Dei var Jund Dimashq, Jund Hims, Jund Filastin og Jund al-Urdunn. Seinare vart Jund Qinnasrin skapt frå delar av Jund Hims. Under umayyadane vart byen Damaskus hovudstad i det islamsk kalifatet og Syria var «metropolprovinsen» i kalifatet, og den syriske elitearmeen,ahl al-Sham danna hovudsøyla i Umayyade-regimet.

Syria vart mindre viktig under Abbaside-kalifatet, som overtok etter umayyadane i 750. Abbasidane flytta først hovudstaden til Kufa og så til Bagdad og Samarra i Irak, som no vart den viktigaste provinsen. Dei hovudsakleg arabiske syrarane vart marginaliserte av iranske og tyrkiske styrkar som steig i gradene under abbasidane, ei rørsle som òg uttrykkte seg på eit kulturelt nivå. Under Harun al-Rashid (r. 786–809), vart dei nordlege delane av provinsen ein del av eit nytt jund kalla al-'Awasim, som danna ei andre forsvarslinje mot åtak frå Austromarriket, bak den faktiske frontsonen i Thughur.

Frå 878 til 905 var Syria i røynda kontrollert av tūlūnidane frå Egypt, men abbasidane fekk raskt kontroll igjen. Det varte til 940-åra, då provinsen vart delt mellom det hamdānidske emiratet Aleppo i nord og det Ikhshidid-kontrollerte Egypt i sør. I 960-åra vart mykje av det nordlege Syria erobra av Austromarriket under Nikeforos II Phokas og Aleppo vart underordna Austromarriket, medan dei sørlege provinsane gjekk til Fatimid-kalifatet etter dei erobra Egypt i 969. Delinga av Syria i ein nordleg og sørleg del varte trass politiske endringar til mamelukk-erobringa seint på 1200-talet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]