Beit She'an

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°30′N 35°35′E
Beit She'an
בֵּית שְׁאָן, بيسان, Bet She'an, Beth Shean
by
none  Romersk cardo i Beit She'an nasjonalpark
Romersk cardo i Beit She'an nasjonalpark
Våpenskjold
Namneopphav: Huset med ro[1]
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°30′N 35°35′E
Areal 7,33 km²
Folketal 16 900 (2009) [2]
Folketettleik 2 306 / km²
Borgarmeister Jacky Levi
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bet She'an

Beit She'an (hebraisk בֵּית שְׁאָן, Beth Šəān; arabisk بيسان, Beesān, Beisan eller Bisan)[1] er ein by i Nord distrikt i Israel som har spelt ei viktig historisk rolle på grunn av plasseringa der Jordandalen møter Jezreeldalen. Han har òg hatt ei viktig rolle i moderne tider, som regionssenter for mange landsbyar i Beit She'an-dalen regionale kommune.

Ruinane etter den antikke byen er i dag verna som ein israelsk nasjonalpark, kalla Bet She'an nasjonalpark.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg Beit She’an[endre | endre wikiteksten]

I 1933 gjorde arkeologen G.M. FitzGerald frå University of Pennsylvania Museum ei undersøking på Tell el-Hisn, ein stor haug ved Beth She'an, for å undersøke når staden kan ha blitt busett. Han fann indikasjonar på at staden vart busett i sein yngre steinalder eller tidleg kalkolittisk tid (5000- til 4000-talet fvt.)[3] Staden var busett i periodar fram til sein tidleg bronsealder I (3200-3000 fvt.), i følgje keramikkfunn, og så fast busett frå tidleg bronsealder III.[4] Ein stor gravplass på nordsida av haugen var i bruk frå bronsealderen til bysantinsk tid.[5] Kanaanittiske graver datert frå 2000 til 1600 fvt. vart oppdaga i 1926.[6]

Egyptisk tid[endre | endre wikiteksten]

BetShe'an - det gamle huset til den egyptiske guvernøren.

Etter den egyptiske erobringa av Beit She’an av farao Thutmose III på 1400-talet fvt. (omtalt i ein inskripsjon i Karnak),[7] vart den vesle byen på toppen av haugen eit senter for det egyptiske styret i regionen.[8] Dei egyptiske nykomarane endra organiseringa av byen og etterlet seg ganske mykje materiell kultur. Eit stort kanaanittisk tempel (39 meter langt) vart grave ut av University of Pennsylvania Museum og kan ha vore datert til same perioden som erobringa til Thutmose III, men utgravingar gjort av Hebraisk universitet indikerer at det er datert til ein seinare periode.[9] Gjenstandar av som kan ha vore viktig for kultdyrking vart funnen i tempelet. Basert på ein stele funnen i tempelet, gravert med egyptiske hieroglyfar, var tempelet tileigna guden Mekal.[10] Eit av dei viktigaste funna nær tempelet er Løve- og hundstelen (i dag i Israel Museum i Jerusalem), som syner to slagscener mellom desse to skapningane. Utgravingar gjort av Hebraisk universitet avdekte at tempelet vart bygd over eit tidlegare tempel.[11]

I løpet av dei tre hundreåra med egyptisk styre (18. dynastiet til det 20. dynastiet), verkar folkesetnaden i Beit She’an å hovudsakleg ha vore egyptiske tenestemenn og militære. Byen vart heilt bygd om, med ny byplan, under det 19. dynastiet.[12] Undet det 20. dynastiet førte invasjon frå «Sjøfolka» til at Egypt fekk svekka kontroll over det austlege Middelhavet. Det er ikkje kjend kvifor, men heile Beit She'an vart øydelagd i brann kring 1150 fvt. Egyptarane prøvde ikkje å bygge opp att det administrative senteret sitt og mista kontrollen over heile området.

Bibelsk tid[endre | endre wikiteksten]

Kart over Dekapolis syner plasseringa til Beit She'an, (her med det greske namnet Skythopolis).

Det vart oppretta ein kanaanittisk by over den egyptiske staden, kort tid etter han vart øydelagd.[13] Kring 1100 fvt. vart Beit She'an erobra av filistrane, som nytta han som base for operasjonar lenger inn i sjølve Israel. Under dei påfølgjande slaga mot den jødiske kongen Saul ved Gilboafjellet i nærleiken i 1004 fvt., vann filistrane. Første Samuelsbok 31 skriv at dei sigrande filistrane hengde lekamen til kong Saul på murane i Beit She’an. Delar av desse murane vart nyleg grave fram.[14] Kong David klarte å erobre Beit Shea'an i ei rekkje kampar som dreiv filistrane ut av området, og pressa dei attende til kyststadane Ashkelon, Ekron, Gath, Gaza og Ashdod.

Seinare i jernalderen vart byen ein del av det større israelittiske kongedømet, styrt av dei bibelske kongane David og Salomo (1 Kongebok 4:12 omtalar Beit She’an som ein del av området til Salomo, men om dette er historisk korrekt er omdiskutert.[15] Den assyriske erobringa nord i Israel under Tiglath-Pileser III (732 fvt.) førte til at Beit She'an igjen vart øydelagd i brann. Det var lite busetnad her etter det, fram til den hellenistiske perioden.[13]

Hellenistisk og romersk tid[endre | endre wikiteksten]

Beit She'an teater

I hellenistisk tid vart staden igjen busett, med namnet Skythopolis (gammalgresk Σκυθόπολις), kanskje kall opp etter dei skytiske handelsmennene som slo seg ned her etter dei var pensjonerte. Lite er kjend om den hellenistiske byen, men på 200-talet fvt. vart det bygd eit stort tempel her.[16] Det er ukjend kva guddom som vart tilbede der, men tempelet var i bruk i romartida. Graver frå den hellenistiske tida er enkle graver skore ut i berget.[17] Frå 301 til 198 fvt. var området underlagt Ptolemaios-dynastiet og Beit She'an er nemnt i kjelder frå 200- og 100-talet fvt. som dei syriske krigane mellom Ptolemaios-dynastiet og selevkidane. I 198 fvt. erobra selevkidane regionen. Byen spelte ei rolle etter det hashmoneiske makkabearopprøret: Josefus skriv at den jødiske høgstepresten Jonatan vart drepen der av Demetrius II Nikator.[18] Byen vart øydelagd av brann mot slutten av 100-talet fvt.[19]

Romerske bad

I 63 fvt. gjorde Pompeius Judea til ein del av Romarriket. Beit She'an vart bygd opp att av Gabinius.[20] Sentrum av byen vart flytta frå toppen av haugen til åssida. Skythopolis blømde og vart ein leiande by i Dekapolis, eit laust basert forbund av ti byar som var senter for gresk-romersk kultur, noko som var så viktig at byen baserte kalenderen sin på det året. Byen blømde under Pax Romana, med byplanlegging på høgt nivå og omfattande utbygging, mellom anna det best bevarte romerske teateret i det gamle Samaria, i tillegg til ein hippodrom, cardo, og andre landemerke. Det vart henta svarte blokker av basalt frå Gilboafjellet, som ligg 7 km unna, i tillegg til vatn via ein akvedukt. Byen er sagt å ha tatt romarane si side under det jødiske opprøret i 66 evt.[20] Utgravingane har fokusert mindre på dei romerske ruinane, så mindre er kjend frå denne tida.

Bysantinsk tid[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort mange arkeologiske funn frå bysantinsk tid (330 evt. – 636 evt.). Ei rotundakyrkje vart på bygd på toppen av haugen og heile byen låg innafor ein bymur.[21] Tekstkjelder nemner fleire kyrkjer i byen.[21] Beit She'an var hovudsakleg kristen, men hadde òg ein jødisk folkesetnad og ei samaritansk synagoge. Det heidenske tempelet i sentrum av byen vart øydelagd, men nymfeet og romerske bad vart restaurerte. Mange av bygningane i Skythopolis vart øydelagd i jordskjelv i 363, og i 409 vart han hovudstaden i det nordlege distriktet, Palaestina Secunda.[19]

Den tidlege arabiske tida[endre | endre wikiteksten]

I 634 vart dei bysantinske styrkane slått av den muslimske armeen til kalif Umar ibn al-Khattab og byen fekk namnet Baysan. Sigersdagen vart på arabisk kalla Yawm Baysan eller «Baysan-dagen»[1] Byen vart ikkje øydelagd og muslimar som kom hit levde i lag med den kristne folkesetnaden fram til 700-talet, samstundes som byen forfall noko. Det vart bygd nye bygg i sjølve gatene, og dei vart smale som smug, og provisoriske butikkar opna mellom kolonnadane. Byen nådde eit lågpunkt på 700-talet, noko ein kan sjå ved at det vart fjerna marmor for å produsere kalk, hovudgata vart blokkert og hovudtorget vart omgjort til gravplass.[22]

Den 18. januar 749 vart Baysan fullstendig rasert av Golan-jordskjelvet i 749. Nokre få bydelar voks opp frå ruinane, men byen fekk aldri attende den tidlegare stordomen sin. Bysentrumet flytta seg sørover der det vart bygd ei krossfararborg med vollgrav rundt.[23]

Historikaren al-Muqaddasi frå Jerusalem, vitja Baysan i 985, under abbaside-styret og skreiv at han låg ved «elva, med mange palmetre, og vatn, men vatnet er noko tungt (brakt)» Han skreiv vidare at Baysan var kjend for indigo, ris, dadlar og ein druesirup kalla dibs.[24] Byen danna eit distrikt (kurah) i Jund al-Urdunn i denne perioden.[25] Den største moskéen låg midt på torget.[26]

Krossfarartida[endre | endre wikiteksten]

Ruinar frå krossfararane.

I krossfarartida var busetnaden ein del av Belvoir len. Det vart bygd ei lita borg aust for det ubrukte amfiteateret.[27]

Under slaget ved Ain Jalut i 1260, passerte mongolane, som trekte seg attende, forbi i nærleiken, men gjekk ikkje inn i sjølve byen.

Mamlukktida[endre | endre wikiteksten]

Under mamelukkane var Beit She'an ein viktig by i distriktet Damaskus og ein stoppestad for posttenesta mellom Damaskus og Kairo. Det var òg senteret i handsaming av sukkerrøyr i regionen. Jisr al-Maqtu'a, ei bru som bestod av ein enkel boge som strekte seg over 8 meter og som låg 17 meter over elva, vart bygd i denne perioden.[1]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I denne perioden var innbyggjarane i Beit She'an hovudsakleg muslimar. Det var òg nokre jødar i byen.Til dømes slo geografen Ishtori Haparchi seg ned her på 1300-talet og skreiv ferdig verket Kaftor Vaferech i 1322, den første hebraiske boka om geografi i Palestina.[28]

I løpet av dei 400 åra med osmansk styre, vart Baysan mindre viktig i regionen. Under regjeringstida til sultan Abdul Hamid IIHaifa-Damaskus-forlenginga av Hejaz-banen vart bygd, blømde byen igjen til ein viss grad. Dei lokale bøndene var stort sett fattige i det osmanske føydalsystemet, som leigde land til leiglendingar og samla skatt frå dei.[1]

Den sveitsisk-tyske reisande Johann Ludwig Burckhardt skildra Beisan i 1812 som «ein landsby med 70 til 80 hus, der innbyggjarane er i ein elendig tilstand.» Tidleg på 1900-talet var han framleis ein liten og uviktig landsby, men var kjend for dei gode vassforsyningane, den frodige jorda og produksjonen av oliven, druer, fiken, mandlar, aprikos og eple.[1]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Undet det britiske mandatet vart byen eit sentrum i Baysan distrikt.

I 1934 skreiv Lawrence av Arabia at «Bisan er i dag ein reint arabisk landsby», der «ein har særs fine utsyn over elva frå hustaka.» Han skreiv vidare at «mange nomadar og beduinleirar, som skil seg ut med dei svarte telta sine, ligg spreidde over elvesletta, med flokkane og gjetarane kring seg.»[1] Beisan var heim stad til mizrahiske jødar fram til 1936, då Beisan under arabararopprøret 1936–1939 vart eit senter for arabiske åtak på jødar i Palestina.[28][29][30] I 1938, etter å ha fått vite om drapet på den nære venen og den jødiske leiaren Haim Sturmann, leia Orde Wingate mennene sine i ein offensiv mot den arabiske delen av Baysan, som dei mistenkte var basen til opprørarane.[31]

Pionerar i Ein Hanatziv kibbutz buset seg i Bet She'an, 1946.

I følgje ei folketeljing hadde Beisan 5 080 muslimske arabarar av i alt 5 540 innbyggjarar (92% av folkesetnaden), og resten vart oppførte som kristne.

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Jødisk milits og lokale beduinar støytte først saman under den arabisk-israelske krigen i 1948 i februar og mars, som ein del av operasjon Gideon,[1] som Walid Khalidihevdar var ein del av den større Dalet-planen.[32] Joseph Weitz, ein leiande person i Yishuv, skreiv i dagboka si den 4. mai 1948 at «Beit Sheandalen er inngangsporten til staten vår i Galilea.»[1]

Beisan fall til jødiske militssoldatr tre dagar før slutten på Palestinamandatet. Etter Israel erklærte sjølvstende i mai 1948, under intens bombardement frå syriske grensestyrkar, flykta arabarane, etter at Hagenah hadde gjenerobra dalen, over Jordanelva.[33] Eigedomane og bygningane dei etterlet seg etter krigen vart så tekne av staten Israel.[1] Dei fleste arabiske kristne flytta til Nasaret. Ein ma'abarah (flyktningleir) som hovudsakleg var busett av nordafrikanske jødiske emigrantar vart reist i Beit She'an, og vart seinare ein utviklingsby.

Frå 1969 var Beit She'an målet for Katusha-åtak og bombekastarar frå Jordan.[34] I Beit She'an-åtaket i 1974, tok militante frå Den folkedemokratiske fronten for frigjering av Palestina over ei bustadblokk og tok livet av ein familie på fire.[29]

I 1999 fekk Beit She'an bystatus.[35] Geografisk ligg han midt i Beit She'an-dalen regionale kommune.[36]

Under den andre Intifada vart seks israelarar drepne og over 30 skapdde av to palestinske militante under i Beit She'an-åtaket i 2002, då dei opna eld og kasta granatar ved ein eit vallokale i sentrum av Bet She'an der partimedlemmar stemde for Likud.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Det lokale fotballaget, Hapoel Beit She'an låg fleire sesongar i den øvste divisjonen i 1990-åra, men vart nedlagd i 2006 etter å ha rykka ned fleire nivå. Maccabi Beit She'an spelar i dag i Liga Bet.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Beit She'an er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Beit She'an» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2014.
  • Yoram Tsafrir and Gideon Foerster: «Urbanism at Skythopolis-Bet Shean i Fourth to Seventh Centuries», Dumbarton Oaks Papers. Dumbarton Oaks Research Library and Collection. Number Fifty-One, 1997. s. 85–146.
  • Yoram Tsafrir and Gideon Foerster: «Bet Shean Excavation Project – 1988/1989», Excavations and Surveys i Israel 1989/1990. Volume 9. Israel Antiquities Authority. Numbers 94-95. Jerusalem 1989/1990, s. 120–128.
  • Yoram Tsafrir and Gideon Foerster: «The Dating of the 'jordskjelv of the Sabbatical Year of 749 C. E.' in Palestina», Bulletin of the School of Oriental and Afrikan Studies of London. Vol. LV, Part 2. London 1992, s. 231–235.
  • Yoram Tsafrir and Gideon Foerster: «From Skythopolis to Baisān: Changes i perception of byen Bet Shean during the bysantinsk and arabarar Eras», Cathedra. For the Historie of Eretz Israel and its Yishuv, 64. Yad Izhak Ben-Zvi. Jerusalem, July 1992 (i hebraiske).
  • Gideon Foerster and Yoram Tsafrir: «“Nysa-Skythopolis – A New Inscription and the Titles of the City on its Coins», The Israel Numismatic Journal. Vol. 9, 1986–7, s. 53–58.
  • Sharon, Moshe (1999). Corpus Inscriptionum arabiskarum Palaestinae, Vol. II, B-C. BRILL. ISBN 90-04-11083-6.  (see s.195 ff)
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 1,9 Shahin, Mariam (2005). Palestine: A Guide. Interlink Books. s. 159–165. ISBN 1-56656-557-X. 
  2. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2,000 Residents and Other Rural Population». Israel Central Bureau of Statistics. 2010-06-30. Arkivert frå originalen den 21 November 2010. http://www.cbs.gov.il/population/new_2010/table3.pdf. Henta 13. oktober 2014. 
  3. Braun, Eliot. Early Beth Shan (Strata XIX-XIII): G.M. FitzGerald’s Deep Cut on the Tell, s. 28
  4. Braun, s.62; 64
  5. Rowe, Alan. The Topography and History of Beth Shan. Philadelphia: 1930, s. v
  6. Rowe, s. 2
  7. No. 110: bt š'ir. Mazar, Amihai. “Tel Beth-Shean: History and Archeology.” In One God, One Cult, One Nation. Ed. R.G. Kratz and H. Spieckermann. New York: 2010, s. 239
  8. Mazar 242
  9. Rowe, 10; http://www.rehov.org/project/tel_beth_shean.htm
  10. Rowe 11
  11. Mazar 247
  12. Mazar 250
  13. 13,0 13,1 «The Beth-Sheandalen Archaeological Project». Rehov.org. http://www.rehov.org/project/index.htm. Henta 2012-03-04. 
  14. Dr. Murphy-O'Connor, Oxford University Guide to the Holy Land, 218-222
  15. Mazar 263
  16. Rowe 44
  17. Rowe 49
  18. Josefus Ant. XIII, vi, 1,2; Rowe 45
  19. 19,0 19,1 3
  20. 20,0 20,1 Rowe 46
  21. 21,0 21,1 Rowe 50
  22. «Beit She'an». Jewish Virtual Library. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/archeology/Beitshean.html. 
  23. «Israel Antiquities Authority, Death of a City». Antiquities.org.il. http://www.antiquities.org.il/article_Item_eng.asp?sec_id=17&sub_subj_id=328&id=662#as. Henta 13. oktober 2014. 
  24. le Strange, 1890, s. 18-19.
  25. le Strange, 1890, s. 30.
  26. le Strange, 1890, s. 411.
  27. «גן לאומי בית שאן» (på hebraisk). Israel National parks authority. http://parks.org.il/BuildaGate5/general2/data_card.php?Cat=~30~~269867317~Card1~&ru=&SiteName=parks&Clt=&Bur=133421493. 
  28. 28,0 28,1 «Bet She'an». Encyclopædia Britannica. http://www.britannica.com/eb/article-9078948/Bet-Shean. Henta 13. oktober 2014. 
  29. 29,0 29,1 Ashkenazi, Eli (29. september 2014), The other Beit She'an, Haaretz, http://www.haaretz.com/hasen/spages/831404.html, henta 13. oktober 2014 
  30. «Virtual Israel Experience: Bet She'an». Jewish Virtual Library. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/vie/Betshean.html. Henta 13. oktober 2014. 
  31. Michael B. Oren (Winter 2001). «Orde Wingate: Friend Under Fire». Azure: Ideas for the Jewish Nation. http://azure.org.il/article.php?id=279. Henta 13. oktober 2014. 
  32. Khalidi, Walid (Autumn 1988). «Plan Dalet: Master Plan for the Conquest of Palestina». Journal of Palestine Studies (Journal of Palestine Studies) 18 (1): 4–33. JSTOR 2537591. doi:10.1525/jps.1988.18.1.00p00037. 
  33. WPN Tyler, State lands and rural development in mandatory Palestina, 1920-1948, s. 79
  34. [Jordnian katusha, bazuka and mortar attack on Beit She'an], Marriv, 22 Jun 1969 , Historical Jewish press
  35. «הסראיה - בית שאן» (på hebraisk). 7wonders.co.il. Arkivert frå originalen den 5. mars 2009. http://www.7wonders.co.il/%D7%90%D7%A8%D7%A5-%D7%99%D7%A9%D7%A8%D7%90%D7%9C/%D7%94%D7%A1%D7%A8%D7%90%D7%99%D7%94+-+%D7%91%D7%99%D7%AA+%D7%A9%D7%90%D7%9F. Henta 13. oktober 2014. 
  36. «Beit Shean». Friends of the jorda Midtausten (FoEME). Arkivert frå originalen den 26. februar 2009. http://www.foeme.org/docs/Brochure_Beit_Shean_English.pdf. Henta 13. oktober 2014. 
  37. «Cleveland jødar support Israel generously». cleveland.com. Arkivert frå originalen den 18. mars 2009. http://blog.cleveland.com/metro/2008/05/cleveland_jews_support_israel.html. Henta 13. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]