Jorge Valdano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jorge Valdano
Valdano.jpg
Fødd 4. oktober 1955
Las Parejas
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Jorge Valdano på Commons

Jorge Alberto Francisco Valdano Castellanos (fødd 4. oktober 1955) er ein argentinsk tidlegare fotballeiar og -spelar frå Las Parejas i Santa Fé-provinsen. Midtspissen vart verdsmeister i 1986 med Argentinas landslag og vann i 1985 og 1986 UEFA-cupen med Real Madrid.

Spelar[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Valdano spelte på Rosario-klubben Newell's Old Boys frå han var 16 år. 19 år gammal stod han saman med lagkameratane att som seriemeister i Argentina. I 1975 flytta Valdano over til Alavés i spansk andredivisjon. Etter fire sesongar i Alavés tok han i 1979 steget til Real Zaragoza og toppserien i Spania. År 1984 fekk Valdano kontrakt med storklubben Real Madrid, der han i 1985 og 1986 var med om å vinne UEFA-cupen. Begge dei to åra skåra han mål i finalen. Då han vart råka av hepatitt i mars 1987, valde han å legge opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Valdano spelte 23 landskampar for Argentina i perioden 1975-90. Underleg nok fekk han to landskampar i 1990, tre år etter han hadde lagt opp. I alt skåra han sju mål, fire av dei under Fotball-VM 1986. I VM-finalen mot Vest-Tyskland la han på til 2-0 for Argentina, oppgjeret enda 3-2. Valdano deltok også i VM i fotball 1982, der han vart skadd i andre kampen i gruppespelet og mista resten av turneringa.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1986 for Argentina
  • Argentinsk seriemeister: 1974 med Newell's Old Boys
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1985 og 1986 med Real Madrid
  • Spansk ligameister: 1986 og 1987 med Real Madrid

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Valdano leia som trenar Real Madrid til triumf i den heimlege ligaen. Sidan var han frå 1997 til 2005 sportsdirektør i den same klubben. Perioden 2009-11 var han generaldirektør i Real Madrid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]