Alberto Tarantini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alberto Tarantini
Alberto Tarantini
Fødd 3. desember 1955
Fødestad Ezeiza

Alberto César Tarantini (fødd 3. desember 1955) er ein tidlegare fotballspelar frå Ezeiza i Gran Buenos Aires som vart verdsmeister med Argentina på heimebane i 1978 og vann Copa Libertadores 1977 med Boca Juniors. Kring 1980 var han ein av dei beste venstrebackane i verda.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tarantini spelte på Boca Juniors 1973-77 og River Plate 1980-83, med begge desse laga som høyrer heime i Buenos Aires vann han eitt nasjonalt seriegull. Hausten 1977 var han som Boca-spelar med å vinne den søramerikanske fotballpokalen, Copa Libertadores. Sesongen 1978/79 hadde han eit mislukka opphald i engelske Birmingham City. Sidan spelte han 1983/84-sesongen på Bastia i fransk toppserie og heldt fram 1984-88 i FC Toulouse, utan nemnande suksess.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tarantini fekk sin landslagsdebut våren 1974, der etter gjekk det nesten to år før landkamp nummer to. Sitt internasjonale gjennombrot fekk han under VM i fotball 1978 i heimlandet. Han spelte då alle Argentinas kampar og som offensiv sideback skåra han sitt einaste landslagsmål då Peru i mellomrunda vart slått 6-0, ein elles illgjeten kamp. I finalen var han med å vinne 3-1 over Nederland etter ekstraomgangar. Også i Fotball-VM 1982 i Spania var Tarantini med i alle kampane, der Argentina rauk ut i mellomrunda etter tap mot Italia og Brasil. Sidan kom han ikkje med på landslaget og stoppa på 61 kampar for Argentina.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1978 for Argentina
  • Vinnar av Copa Libertadores: 1977 med Boca Juniors
  • Nasjonal seriemeister i Argentina: 1976 med Boca Juniors og 1981 med River Plate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]