Jorunn Hageler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jorunn Hageler
Fødd 8. oktober 1946
Sortland
Yrke politikar

Jorunn Hageler (fødd 8. oktober 1946 på Sortland) er ein tidlegare norsk lærar og politikar for SV.

Ho gjekk folkeskole og realskole i Glomfjord, og tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1965. Etter eksamen ved Hamar lærarskule tok ho vidareutdanning i blant anna norsk, religionshistorie, pedagogikk, kristendomskunnskap, norsk fagmetodikk og informasjonsrådgjevning. Hageler var adjunkt i ungdomsskulen i Vadsø 1971–1976, deretter i Steinkjer fram til ho vart pensjonist. Ho har òg vore sosiallærar. På byrjinga av 2000-talet var ho knytt til OSSEs verksemd i Bosnia.

Hageler var medlem av Steinkjer kommunestyre 1980–1987, medlem av formannskapet 1986–1987, leiar i Steinkjer SV 1988–1991 og dessutan leiar i Nord-Trøndelag SV 1991–1993. I perioden 1993–1997 var ho innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag, og sat i Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]