José Bosingwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
José Bosingwa

José Bosingwa'13.JPG

Statsborgarskap Portugal
Fødd 24. august 1982 (39 år)
Mbandaka
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2004, EM i fotball 2008

Bosingwa i Chelsea-drakt

José Bosingwa da Silva (fødd 24. august 1982) er ein portugisisk tidlegare fotballspelar, fødd i Kinshasa i dåverande Zaire. Han var ein tempo- og løpssterk backspelar, som hadde stor suksess med FC Porto og engelske Chelsea FC.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Bosingwa spelte i Portugals fyrstedivisjon i tida 2001-03 for Boavista FC frå byen Porto. Sommaren 2003 vart han overført til byrivalen Porto FC, der han gjennom fem sesongar var med om vinne Meisterligaen 2004 og fire nasjonale ligameisterskap. Perioden 2008-12 var han Chelsea-spelar. Etter to triumfar i FA-cupen, gjorde han ein god kamp då Chelsea vann Meisterligaen 2012 gjennom straffeskyting mot Bayern München. Frå sommaren 2012 gjorde han teneste ein sesong i Queens Park Rangers og tre i Trabzonspor.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Bosingwa representerte Portugal under Sommar-OL 2004. I juni 2007 fekk han sin debut på det portugisiske A-landslaget, deltok i Fotball-EM 2008. Fram til mars 2015 var han aktiv i 27 landskampar med Portugals A-lag. Ingen mål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av meisterligaen: 2004 for Porto, 2012 for Chelsea
  • Portugisisk ligameister: 2004, 2006, 2007, 2008 for Porto
  • Portugisisk cupvinnar: 2006 for Porto
  • Vinnar av FA-cupen: 2009 og 2012 for Chelsea

Kjelder[endre | endre wikiteksten]