Meisterligaen 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2012 - Chelsea i blått

Meisterligaen 2012 var den 20. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den engelske klubben Chelsea FC vann turneringa den 19. mai 2012 på Allianz Arena i München, heimebana til Bayern München som tapte etter ei straffeparktevling. Etter 120 minuttar spel stod det 1-1 mellom dei to laga; Thomas Müller skåra for Bayern i det 83. minutt og Didier Drogba utlikna femm minuttar seinare. Ekstraomgangane var mållause, trass i at Bayern fekk tildelt ein straffe. I den avsluttande straffeskytinga skåra fire av dei fem Chelsea-eksekutørane, medan dei to siste straffeskytarane til Bayern mislukkast.

62 500 tilskodarar var til stades i München.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Chelsea: Petr Čech, José Bosingwa, David Luiz, Gary Cahill, Ashley Cole, John Obi Mikel, Frank Lampard, Salomon Kalou, Juan Mata, Ryan Bertrand og Didier Drogba. Florent Malouda og seinare Fernando Torres kom inn i 2. omgang i staden for Bertrand og Kalou.

Bayern München: Manuel Neuer, Philipp Lahm, Jérôme Boateng, Anatolij Tymosjtsjuk, Diego Contento, Bastian Schweinsteiger, Toni Kroos, Arjen Robben, Thomas Müller, Franck Ribéry og Mario Gómez. Målskåraren Müller gjekk ut like etter han skåra og Daniel Van Buyten kom inn. I fyrste ekstraomgang Ribéry erstatta med Ivica Olić.

Pedro Proença frå Portugal dømde finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]