Meisterligaen 2004

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 2004 - Porto i stripete figurar

Meisterligaen 2004 var den 12. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den portugisiske klubben FC Porto vann turneringa den 26. mai 2004 på Arena AufSchalke i Gelsenkirchen etter å ha sigra 3-0 mot AS Monaco frå Frankrike. Måla kom ved Carlos Alberto Gomes i det 39., Deco i det 71. og Dmitrij Alenitsjev i det 75. minutt.

53 000 tilskodar fylte tribunane i tyske Gelsenkirchen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Porto: Vítor Baía, Paulo Ferreira, Jorge Costa,, Ricardo Carvalho, Nuno Valente, Costinha, Pedro Mendes, Maniche, Deco, Carlos Alberto Gomes, Derlei. Til uike tider i andre omgang vart etter tur Carlos Alberto Gomes, Derlei og Deco bytta ut med høvesvis Dmitrij Alenitsjev, Benni McCarthy og Pedero Emanuel.

Monaco: Flavio Roma, Hugo Ibarra, Julien Rodriguez, Gaël Givet, Patrice Evra, Édouard Cissé, Lucas Bernardi, Akis Zikos, Ludovic Giuly, Fernando Morientes og Jérôme Rothen. Dado Pršo kom inn då lagkaptein Giuly forlet bana midt i fyrste omgang. Ut i andre omgang kom fyrst Shabani Nonda og så Sébastien Squillaci inn, ut gjekk Cissé og Givet.

Dansken Kim Milton Nielsen var pipeblåsar på Arena AufSchalke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]