VM i fotball 1966

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over deltakarlanda i VM 1966
Frimerke frå Sovjetunionen i høve fotball-VM 1966

Verdsmeisterskapen i fotball 1966 vart avvikla i England i tida 11. -30. juli 1966. Kampane fann stad på åtte arenaer i sju ulike byar; London (Wembley og White City), Birmingham, Liverpool, Manchester, Sheffield, Middlesbrough og Sunderland. Vertslandet England vart verdsmeister etter å ha vunne 4-2 over Tyskland i finalen. Portugiske Eusébio vart toppskårar i turneringa med sine ni nettkjenningar.

Turneringsformatet var det same som i dei to føregåande VM-turneringane. Dei 16 deltakarlanda vart delt i fire innleiingsgrupper, og dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til kvartfinalane. England, Vest-Tyskland, Portugal og Sovjetunionen vart gruppevinnarar og fekk fylgje av Uruguay, Argentina, Ungarn og overraskingslaget Nord-Korea. Tittelforsvaren Brasil rauk ut etter å ha tapt 1-3 for både Ungarn og Portugal.

Frå kvartfinalane tok alle dei fire gruppevinnarane seg vidare til semifinalespel. Portugal vann 5-3 over Nord-Korea i ein høgdramtisk kamp der nordkoreanarane valsa over Portugal og leia 3-0 etter 22 minuttars spel. Fire mål av Eusébio snudde kampen i Portugals favør.

Begge semifinalane enda 2-1: Vest-Tyskland sigra over Sovjetunionen på Goodison Park i Liverpool, medan Bobby Charlton skåra begge måla då England vann over Portugal på Wembley i London. Også bronsefinalen enda 2-1, her vart José Torres matchvinnar for Portugal to minuttar før fløyta lydde for full tid.

Gruppespelet[endre | endre wikiteksten]

Gruppe A[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til England England 3 2 1 0 4–0 4 5
2 Flagget til Uruguay Uruguay 3 1 2 0 2–1 1 4
3 Flagget til Mexico Mexico 3 0 2 1 1–3 −2 2
4 Flagget til Frankrike Frankrike 3 0 1 2 2–5 −3 1

Gruppe B[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland 3 2 1 0 7–1 6 5
2 Flagget til Argentina Argentina 3 2 1 0 4–1 3 5
3 Flagget til Spania Spania 3 1 0 2 4–5 −1 2
4 Flagget til Sveits Sveits 3 0 0 3 1–9 −8 0

Gruppe C[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Portugal Portugal 3 3 0 0 9–2 7 6
2 Flagget til Ungarn Ungarn 3 2 0 1 7–5 2 4
3 Flagget til Brasil Brasil 3 1 0 2 4–6 −2 2
4 Flagget til Bulgaria Bulgaria 3 0 0 3 1–8 −7 0

Gruppe D[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Det sovjetiske flagget Sovjetunionen 3 3 0 0 6–1 5 6
2 Flagget til Nord-Korea Nord-Korea 3 1 1 1 2–4 −2 3
3 Flagget til Italia Italia 3 1 0 2 2–2 0 2
4 Flagget til Chile Chile 3 0 1 2 2–5 −3 1

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Lagkaptein Bobby Moore har teke mot Jules Rimet-pokalen etter VM finalen 30. juli 1966

Finalen vart spelt på Wembley stadion i London om ettermiddagen 30. juli med 97 000 tilskodarar til stades.

Helmut Haller gav Vest-Tyskland leiinga etter 12 minuttar, og Geoff Hurst utlikna fire minuttar seinare. Martin Peters sende England opp til 2-1 i det 78. minutt. Kort før ordinær tid var over, fekk vesttyskarane frispark. Etter frisparket greide sidebacken Wolfgang Weber å putte ballen over målstreken ved nærast stolpe. Ti minuttar ut i fyrste ekstraomgang sende Hurst av garde eit skot som trefte tverliggjaren og spratt ned på mållinja. Ballen vart dømd i mål, ei mykje omdiskutert avgjerd. I det 120. minutt, då publikum var klar til storme bana for å feire sigeren, skåra Hurst sitt tredje mål. Han er den einaste mannlege spelaren som har skåra tre mål i ein VM-finale i fotball. Kapteinen Bobby Moore kunne heve Jules Rimet-pokalen som prov på at England var verdsmeister i fotball.

Verdsmeistrar for England vart: Gordon Banks, George Cohen, Jackie Charlton, Bobby Moore (kaptein), Ray Wilson, Nobby Stiles, Alan Ball, Martin Peters, Bobby Charlton, Geoff Hurst og Roger Hunt.

Tysklands mannskap: Hans Tilkowski, Horst-Dieter Höttges, Willi Schulz, Karl-Heinz Schnellinger, Wolfgang Weber, Franz Beckenbauer, Wolfgang Overath, Helmut Haller, Uwe Seeler (kaptein), Sigfried Held og Lothar Emmerich.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]