Valencia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valencia
Horisonten til Valencia
Flagget til Valencia Byvåpenet til Valencia
Flagget til Valencia Byvåpenet til Valencia


Plassering
Valencia is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Valencia
Provins Valencia
Grunnlagd 137 f.Kr.
Borgarmeister Joan Ribó i Canut (Compromís)
Geografi
Flatevidd
 - By

134,65 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

810 064
  6 016,1 /km²
1 564 145
2 300 000
Koordinatar 39°28′″N 0°22′″WKoordinatar: 39°28′″N 0°22′″W
Høgd over havet 15 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 46000-46080
Nettstad: www.valencia.es

Valencia (valenciansk València) er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Valencia og den tredje største byen i Spania med litt over 800 000 innbyggjarar.[1]. Han er den 22. største byen i Den europeiske unionen og har det 35. største byområdet med nesten 1,5 millionar innbyggjarar.[2] Opp mot 2,3 millionar [3] bur i storbyområdet kring Valencia.

Byen er ein ein del av eit industriområde ved Costa del Azahar. Den største festivalen Fallas er kjend i heile Spania og den verdskjende spanske matretten paella har opphav i Valencia.

Byen har ein verdsarvstad, Lonja de la Seda, men landemerket er utan tvil Kunst- og vitskapsbyen, eit avant-garde og futuristisk museumskompleks.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege latinske namnet på byen var Valentia, som tyder «styrke» eller «mot», og byen vart namngjeven etter den romerske tradisjonen om å hylle motet til tidlegare romerske soldatar etter ein krig. Den romerske historikaren Titus Livius forklarer at Valentia vart grunnlagd på 100-talet fvt. då romerske soldatar som hadde kjempa mot dei iberiske opprørarane Viriatus slo seg ned her.

Under det muslimske styret i Spania vart byen kalla بلنسية (Balansiya) på arabisk.

Med åra er dette vorte til Valenciaspansk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjetårnet El Micalet

Byen Valencia låg i provinsen som i antikken vart kalla Edetania. Den romerske historikaren Florus seier at Junius Brutus vart overført hit rundt år 140 f.Kr. med soldatane han hadde kjempa i lag med. Seinare vart han ein romersk militærkoloni. Som straff for at dei hadde støtta Sertorius vart han øydelagd av Pompeius, men vart seinare bygd opp att og Pomponius Mela seier at han var ein av dei viktigaste byane i provinsen Tarraconensis. Byen vart grunnlagd av romarane i år 137 f.Kr. over ein tidlegare iberisk by ved elva Turia.

Byen er vorten hærteken av vestgotarane, maurarane og Kongemakta Aragón.

Maurarane tok fredfult over området i 714 e.Kr. Då den islamske kulturen gjorde sitt inntog blømde byen med handel av papir, silke, lêr, keramikk, glas og sølv. Den arkitektoniske arva frå denne perioden er framleis synleg mange stader i Valencia med restar av mange gamle murar, badet Baños del Almirante, gata Portal de Valldigna og sjølv Domkyrkja og tårnet El Micalet, som var minareten i den gamle moskeen.

Etter Almanzor døydde og uroa som følgde hærtok El Cid Valencia ein kort periode frå 15. juni 1094 til juli 1099. Han gjorde ni moskear om til kyrkjer og sette inn den franske munken Jérôme som biskop. Då El Cid døydde i juli 1099 tok kona hans, Doña Ximena, over makta i to år før byen vart kringsett av almoravidane og gjeve attende i 1102. Sjølv om «Keisaren av Spania», Alfonso, dreiv dei bort frå byen, var han ikkje sterk nok til å halde han. Dei kristne sette byen i brann, forlét han og Masdali av almoravidane tok over byen att den 5. mai 1109. Hendinga er minna i diktet av Ibn Khafaja der han takkar Yusuf ibn Tashfin for frigjeringa av byen. Almoravidane og Almohad-dynastiet styrte over Valencia i over hundre år. I 1238 kringsette kong Jakob I av Aragón Erobraren Valencia med ein arme som bestod av franskmenn, engelskmenn, tyskarar og italienarar. Den 28. september same året overgav byen seg og 50 000 maurarar vart tvinga ut av byen. Diktarar som Ibn al-Abbar og Ibn Amira sørgde over tapet av deira Valencia. Hovudmoskeen i byen vart reinsa og det vart halde ei messe her. Jakob innlemma byen og området rundt i det nydanna Kongedømet Valencia, eit av kongedøma i Kongemakta Aragón, og folkesette det nye kongedømet med katalanarar og aragonesarar frå dei indre områda.

På 1400- og 1500-talet var Valencia ein av dei store byane på kysten av Middelhavet. Forfattaren Joanot Martorell, som skreiv Tirant lo Blanch, og diktaren Ausias March, er kjende personar frå byen i denne perioden.

Det første boktrykkeriet på Den iberiske halvøya låg i Valencia. Den første trykte utgåva av Bibelen på eit romansk språk, valenciansk, vart trykt i Valencia kring 1478, tileigna Bonifaci Ferrer.

Bankar i Valencia lånte pengar til Dronning Isabella, pengar som ho finansierte reisa til Columbus med i 1492.

I 1519–1522 fann laug-opprøret stad. I 1609 vart morisco kasta ut av byen.

Under den spanske arvefølgjekrigen tok Valencia Karl av Austerrike si side. Den 24. januar 1706 førte Charles Mordaunt av Peterborough eit fåtal engelske kavaleristar inn i byen etter å ride sørover frå Barcelona, og tok den nærliggjande festninga Sagunt og lurte den spanske bourbonske hæren til å trekkje seg attende.

Engelskmennene hadde byen i 16 månader og slo tilbake fleire forsøk på å drive dei bort. Engelske soldatar kom så lang som til Requena på vegen til Madrid. Etter sigeren til bourbonaane i slaget ved Almansa (25. april 1707), evakuerte den engelske armeen frå Valencia og byen tapte privilegia sine, som dei viktige borgarrettane furs.

Under den spanske sjølvstendekrigen vart Valencia omleira av franskmennene under marskalk Suchet frå juledag 1811 til han fall 8. januar året etter.

Det siste offeret for den spanske inkvisisjonen, den lokale læraren Cayetano Ripoll, vart avretta i Valencia i juli 1826, anklaga for å vere ein deist og ein frimurar

Under den spanske borgarkrigen vart hovudstaden i republikken flytta til Valencia og byen leid under ein blokade og ei omleiring av styrkane til Franco. Etterkrigstida vart hard for innbyggjarane. Under Franco-regimet var det ikkje lov å tale eller lære bort valenciansk eller katalansk.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1957 vart byen råka av ein kraftig flaum i elva Turia, og vatnet steig fem meter over enkelte gater. Som følgje av dette valde ein å drenere og lage eit nytt elvefar, og elva renn no gjennom dei vestlege og sørlege forstadene i byen.

Attraksjonar i Valencia[endre | endre wikiteksten]

Valencia er opphavsstaden til den spanske paellaen. Las Fallas er ein årleg fest som er særs populær.

La Ciudad de las Artes y de las Ciencias (Vitskapsparken) inneheld nokre spektakulære modernistiske/futuristiske bygningar som er populære turistattraksjonar:

  • L'Hemisferic - eit planetarium med ein svær IMAX-kino som viser vitskaps- og geologidokumentarar.
  • Museo de las Ciencias Principe Felipe - livleg museum som viser det siste innan teknologi.
  • Palacio de las Artes - fleire auditorium der ein kan sjå skodespel, opera, konsertar o.l.
  • L'Oceanografic - ein «park» som viser sjøliv frå forskjellige stader i verda.
  • Fotballaget Valencia CF - klubben vert rekna for å vere den tredje største i Spania. Valencia CF spelar heimekampane sine på Estadio Mestalla

Kultur[endre | endre wikiteksten]

I Spania er Valencia kjend for det seine utelivet og det rike kulturtilbodet, samt dei mykje vitja konkurransehelgane på den publikumsvenlege racingbanen Circuit de la Comunitat Valenciana Ricardo Tormo like utanfor byen.

Las Fallas (Falles på valenciansk) er den største fiestaen i Valencia. Han kulminerer ved at gigantiske pappmasjé-figurar vert førte i prosesjon gjennom byen, før alle utanom vinnaren i paraden vert brende opp natta mellom 19. og 20. mars. Festivalen varer frå 15. til 19. mars og halden for vernehelgenen til regionen, Sankt Josef. 19. mars er Sankt Josefsdagen. Men alt 1. mars byrjar ein å varme opp stemninga med aktivitetar og arrangement som masclétas og petardos; knallfyrverkeri og tunge smatterband.

Arkitekten Santiago Calatrava er frå Valencia og har sett sitt preg på byen. Av verka hans i Valencia finn ein ei bru over den omdirigerte elva Turia som på folkemunne ofte vert kalla Calatravabrua. Ho var eit dei første verka hans. Ciutat de les Arts i les Ciències (Vitskapsbyen) er eit stort kompleks med fleire futuristiske bygningar utforma av Calatrava. Same kompleks rommar òg plass for eit av dei største oceanografiske musea i Europa, oppdelt i seksjonar etter ulike hav. Her finn ein mellom anna delfinar, kvalar, kvalrossar og over 100 000 m² havvatn. Lokala i Det oceneografiske muséet er derimot teikna av Félix Candela (1910–1997). Fleire høghus i same stil, som Turning Torso i Malmö, finst òg.

Blant dei lokale spesialitetane finn ein Fartons, Agua de Valencia, Horchata de Chufa og Fideua (pastavariant på paella). Kulturen er sterkt influert frå den tida då Valencia var under maurisk styre. Maurarane var invaderande muslimar som herska i store delar av dagens Spania frå om lag 700-talet til 1400-talet, då dei til slutt vart drivne bort av det katolske kongeparet Ferdinand og Isabella.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Instituto Nacional de Estadística. (National Statistics Institute)». Ine.es. 28. mai 2001. 
  2. Eurostat - Larger Urban Zones: Urban Audit.org
  3. Organization for Economic Cooperation og Development, Competitive Cities in the Global Economy, OECD Territorial Reviews, (OECD Publishing, 2006), Table 1.1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Valencia