Norman Lockyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Joseph Norman Lockyer)
Gå til: navigering, søk
Joseph Norman Lockyer
Lockyer-Norman.jpg
frå Proceedings of the Royal Society (1909)
Fødd 17. mai 1836(1836-05-17)
Rugby i Warwickshire i England
Død 16. august 1920 (84 år)
Salcombe Regis i Devon i England
Nasjonalitet Britisk
Område Astronomi
Yrke forskar, astronom, universitetslærar
Kjend for Oppdaging av helium, grunnla tidsskriftet Nature
Medlem Royal Society
Göttingens vitenskapsakademi
American Academy of Arts and Sciences
Det russiske vitskapsakademiet

Sir Joseph Norman Lockyer (17. mai 183616. august 1920), ofte berre kalla Norman Lockyer, var ein engelsk vitskapsmann og astronom. I lag med den franske forskaren Pierre Janssen har han fått æra for å oppdage gassen helium. Lockyer vert òg hugsa for å starta og vere den første redaktøren i det viktige tidsskriftet Nature.

Som astronom var han ein pionér innafor spektroskopisk solforsking, og han er kjent for studia sine av astronomisk orientering av steinmonument, egyptiske og greske tempel og anna. Han gav ut fleire bøker og mest kjent er The Dawn of Astronomy. A Study of the Temple-Worship and Mythology of the Ancien Egypt (ny utg. 1964).

Prisar og oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

  • Medlem av Royal Society (1869)
  • Janssenmedaljen frå Vitskapsakademiet i Paris (1875)
  • Knight Commander of the Order of the Bath (1897)[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meadows, A. J. (1972). Science and Controversy. Cambridge, Massachusetts: MIT Press. s. 2,7. ISBN 0-230-22020-7.