Josy Barthel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josy Barthel
Fødd 24. april 1927
Død

7. juli 1992
Luxembourg by

Joseph Barthel, kjend som Josy Barthel, (24. april 19277. juli 1992) var ein friidrettsutøvar og politikar frå Luxembourg som vart olympisk meister på 1500 meter under Sommar-OL 1952 i Helsinki.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Barthels vann gullmedalja på 800 meter under militær-VM i Berlin i 1947. Året etter, då militær-VM vart arrangert i Brussel, vann han både 800 og 1500 meter. Under Sommar-OL 1948 i London kom Barthel på niandeplass i finalen på 1500 meter. Han vann 1500 m i student-VM 1949 og 1951, samt 800 m i 1951.

Høgdepunktet for Barthel kom under dei olympiske sommarleikane i Helsinki 26. juli 1952: med ein fabelaktig sterk spurt braut han målsnøret hårfint framom Bob McMillan frå USA og vart olympisk meister. Tida 3.45,2 var olympisk rekord. Det var andre gongen ein utøvar frå Luxembourg vann OL-gull. Fire år seinare deltok Barthel i OL 1956 i Melbourne, og rauk ut etter eit heller svakt løp i forsøka på 1500 meter.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Barthel leia det nasjonale friidrettsforbundet frå 1962, og var president i Luxembourgs olympiske komite 1973-77. Han var med i Luxembourgs regjering i tida 1977 til 1984, med ansvar for mellom anna samferdsle, energi og miljø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]