Luxembourg by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luxembourg
Luxembourg by ligg i fleire dalar og på fleire åsar, slik at planløysinga i byen er noko komplisert.
Luxembourg by ligg i fleire dalar og på fleire åsar, slik at planløysinga i byen er noko komplisert.
Luxembourg by ligg i fleire dalar og på fleire åsar, slik at planløysinga i byen er noko komplisert.
Byvåpenet til Luxembourg by
Byvåpenet til Luxembourg by
Styresmakter
Land
Distrikt
Kantonar
Luxembourg
Luxembourg
Luxembourg
Grunnlagd 963
Geografi
Flatevidd 51,46 km²
Flatevidd
 - By

51,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Storbyområde

92.342
  1 485/km²
103 973
Koordinatar 49°36′42″N 06°07′48″EKoordinatar: 49°36′42″N 06°07′48″E
Høgd over havet 230 - 402 m
Tidssone Sentraleuropeisk tid, UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.vdl.lu
Plassering
Plassering av Luxembourg by
Plassering av Luxembourg by

Luxembourg by (luxembourgsk: Lëtzebuerg eller Stad Lëtzebuerg, tysk: Luxemburg eller Luxemburg Stadt, fransk: Ville de Luxembourg) er hovudstad i Storhertugdømet Luxembourg og EU. Han ligg der elvane Alzette og Pétrusse renn saman sør i Luxembourg. Det historiske Luxembourg slott, som vart reist av frankarane i tidleg mellomalder, er opphav til byen.

I 2010 hadde kommunen Luxembourg by 92.342 innbyggjarar, som er nesten tre gonger meir enn den nest største kommunen. Byen sitt storbyområde inkluderer dei omliggande kommunane Hesperange, Sandweiler, Strassen og Walferdange og har 103 973 innbyggjarar totalt. Luxembourg by ligg i hjarte av Vest-Europa, 188 km frå Brussel, 289 km frå Paris og 190 km frå Köln.[1]

Luxembourg by er ein av dei rikaste byane i verda og har utvikla seg til eit bank- og administrasjonssenter. Luxembourg er sete for fleire institusjonar i EU, som EU-domstolen, Revisjonsretten og Den europeiske investeringsbanken.

Gamlebyen i Luxembourg er skrive opp på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I romartida stod det eit festningstårn ved kryssingspunktet mellom to romarvegar der byen i dag ligg. Gjennom ein bytehandel med abbeden St. Maximin i Trier i 963 fekk Siegfried I av Ardennane, ein nær slektning av kong Ludvig II av Frankrike og Otto I av Det tysk-romerske riket, lenet Luxembourg. Siegfried bygde borga si, kalla Lucilinburhuc («lita borg») på Bock Fiels, som vart nemnd for første gong i den nemnde bytehandelen.

I 987 velsigna erkebiskopen av Trier, Egbert (977-993), fem alter i Forsoningskyrkja (i dag Mikaelskyrkja). Der dei to romerske vegane kryssa kvarandre nær kyrkja oppstod det ein marknadsplass som byen utvikla seg rundt.

Med plasseringa si og landskapet han ligg i har byen gjennom historia vore ein strategisk viktig stad. Dei første festningsverka vart bygd så tidleg som på 900-talet. På slutten av 1100-talet, då byen utvida seg vestover rundt den nye Nikolaskyrkja (i dag Notre Dame), vart det bygd nye murar rundt eit område som dekte 50 000 m².

Om lag 1340, under styret til Johan den blinde, vart det bygd nye festningsverk som stod til 1867.

I 1443 erobra burgundarane under Filip den gode Luxembourg. Luxembourg vart ein del av Bourgogne og seinare Det spanske riket og Habsburgmonarkiet. Under Habsburg sitt styre vart Luxembourg-borga fleire gonger forsterka slik at Luxembourg vart ein av dei sterkaste festningane i Europa på 1500-talet. Etter dette erobra burgundarane, spanjolane, franskmennene, spanjolane igjen, austerrikarane, franskmennene igjen og til slutt prøyssarane byen.

1600-talet vart dei første kasemattene bygd. Spanjolane starta det heile med eit nettverk av totalt 23 km lange tunnelar i 1644.[2] Desse vart utvida under franskmennene av marskalk Vauban, og utvida igjen under austerrikarane i 1730- og 1740-åra.

Mellomalderbyen Luxembourg

Under dei franske revolusjonskrigane vart byen okkupert av Den første franske republikken ved to høve, først ein kort periode i 1792–1793, og seinare, etter ei sju månader lang omleiring.[3] Luxembourg heldt ut så lenge under den franske omleiringa at den franske politikaren og militæringeniøren Lazare Carnot kalla Luxembourg «den beste festninga i verda etter Gibraltar». Dette var opphavet til byen sitt kallenamn, «Norden sitt svar på Gibraltar».[3]

Den austerrikske garnisonen måtte til slutt overgje seg likevel og som følgje av dette vart Luxembourg annektert av Den franske republikken som ein del av departementet Forêts med Luxembourg by som préfecture. Etter freden i Paris i 1815, som enda napoleonskrigane, kom Luxembourg by inn under Kongedømet Preussen som ein del av Det tyske forbundet, sjølv om suvereniteten gjekk til Huset Orange-Nassau i ein personalunion med Det sameinte kongedømet Nederland.

Etter Luxembourgkrisa og Londontraktaten i 1867 måtte Luxembourg rive ned festningsverka sine. Dette tok seksten år og kosta 1,5 millionar gylne franc og 24 km med forsvarsnettverket under bakken måtte øydeleggjast i lag med 40 000 m² med kasematter, batteri, forlegningar osb.[4] I tillegg måtte den prøyssiske garnisonen trekke seg ut.[5]

storhertug Vilhelm III i 1890 døydde utan mannlege arvingar forsvann storhertugdømet for Nederland og inn i den sjølvstendige linja under storhertug Adolphe. Dermed vart Luxembourg, som til då berre teoretisk sett hadde vore sjølvstendig, verkeleg eit sjølvstendig land og Luxembourg by vart igjen viktig for første gong sidan 1867 då han vart hovudstad i den heilt sjølvstendige staten.

Trass i at Luxembourg prøvde å halde seg nøytrale under den første verdskrigen vart det okkupert av Tyskland den 2. august 1914. 30. august flytta Helmuth von Moltke hovudkvarteret sitt til byen, nærare styrkane sine i Frankrike og for å oppnå ein rask siger. Sigeren kom derimot aldri og Luxembourg var vertskap for den tyske øvstkommanderande i fire år til. Mot slutten av okkupasjonen var Luxembourg by åstad for eit kommunistopprør og 9. november 1918 erklærte kommunistane ein sosialistrepublikk, men denne varte berre nokre få timar.[6]

I 1921 vart bygrensene kraftig utvida. Kommunane Eich, Hamm, Hollerich og Rollingergrund vart ein dei av byen og han vart den største kommunen i landet fram til 1978.

I 1940 okkuperte Tyskland Luxembourg igjen. Nazistane var ikkje klar for å gje luxembourgarane sjølvstyre og landet vart gradvis integrert inn i Det tredje riket før heile storhertugdømet vart annektert. 30. august 1942 Luxembourg by vart sett fri 10. september 1944.[7]

Etter krigen enda Luxembourg den nøytrale haldninga si og vart eit opphavleg medlem av fleire mellomstatlege og overstatlege institusjonar. I 1952 vart byen hovudkvarter for Det europeiske kol- og stålfellesskapet. I 1967 vart dette styret slått saman med kommisjonar i andre europeiske institusjonar. Luxembourg er framleis sete for europaparlamentet sitt sekretariat og for EU-domstolen, Revisjonsretten og Den europeiske investeringsbanken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Luxembourg frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Great Circle Distances between Cities». United States Department of Agriculture. Henta 23. juli 2006. 
  2. «The Fortress». Luxembourg by turistkontor. Henta 23. juli 2006. 
  3. 3,0 3,1 Kreins (2003), p. 64
  4. «World Heritage List - Luxembourg» (PDF). UNESCO. 1 October 1993. Henta 19. juli 2006. 
  5. Londonavtalen 1867, Artikkel IV
  6. Luxembourg på worldstatesmen.org
  7. Thewes (2003), s. 121