Joumou-suppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joumou-suppe.
Graskartypen turban squash (engelsk) er hovudingrediens i suppa.

Joumou-suppe (haitisk soup joumou, fransk soupe joumou eller soupe au giraumon) er ei tradisjonell haitisk graskarsuppe. Suppa er festmat med djupe røter i haitisk historie. Ho var opphavleg atterhalde dei franske slaveeigarane. Dei hadde slavane til å lage suppa, men det var berre plantasjeeigarane som fekk lov til å ete suppa. Etter revolusjonen i 1804 blei slaveriet avskaffa. Dimed blei det også tillate for alle å lage og ete suppa, og ho har deretter blitt eit symbol for den nyvunne fridommen til folket.

Suppa kan i tillegg til graskar, innehalde grønsaker, kjøt, kokebanan, pasta og krydder. Det er vanlegvis graskartypen som på engelsk blir kalla turban squash, på fransk giraumon, som vert brukt. Suppa blir laga til 1. januar kvart år, som er minnedagen for revolusjonen i 1804.[1][2]

Joumou-suppa blei i 2016 skriven inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dehghan, Saeed Kamali (17. desember 2021). «Culture in a bowl: Haiti’s joumou soup awarded protected status by Unesco». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 6. juli 2023. 
  2. Jacob, Jeanne; Ashkenazi, Michael (15. januar 2014). The World Cookbook: The Greatest Recipes from Around the Globe, 2nd Edition [4 Volumes]: The Greatest Recipes from Around the Globe (på engelsk). ABC-CLIO. ISBN 978-1-61069-469-8. 
  3. «UNESCO - Joumou soup». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Joumou-suppe