Juan Manuel Fernández Pacheco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Juan Manuel Fernández Pacheco
Juan Manuel Fernandez Pacheco.jpg
Fødd 7. september 1650
Marcilla
Død

29. juni 1725
Madrid

Juan Manuel Fernández Pacheco på Commons

Juan Manuel María de la Aurora Fernández Pacheco Acuña Girón y Portocarrero (7. september 165029. juni 1725) var ein spansk aristokrat, politikar og akademikar. Han var stormann av Spania (Grande de España), 8. hertug av Escalona, 8. markgreve av Villena, 12. greve av San Esteban de Gormaz og 8. greve av Xiquena

Pacheco var son av Diego López Pacheco, 7. hertug av Escalona. Han tente som statthaldar og armékommandant for kongedøma Navarra, Aragon, Catalonia, Sicilia og Napoli. Han fekk titttelen riddar av Det gyldne skinnet-ordenen den 9. oktober 1687.

I 1694 tapte han slaget ved Torroella mot dei invaderande franskmennene. Under den spanske arvefølgjekrigen vart han teken til fange i Gaeta i Napoli av austerrikarane etter å ha tapt omleiringa av Gaeta i 1707. Då han vart sleppt fri og kom attende til Spania, oppretta han, etter ordre frå kong Fillip V, det kongelege spanske akademiet eller Real Academia Española (RAE). Han vart valt til den første direktøren for akademiet i 1713. Han var òg Mayordomo mayor for kongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]