Slaget ved Torroella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Torroella
Del av niårskrigen
Dato 27. mai 1694
Stad nær Girona i Catalonia i Spania
Resultat Fransk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1] Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Kommandantar
Duc de Noailles Markien av Villena-Escalona
Styrkar
24 000 16 000 - 24 000
Tap
500 døde eller skadde 3 000 døde, skadde eller fanga

Slaget ved Torroella, òg kjend som Slaget ved Ter, var eit slag i niårskrigen, utkjempa den 27. mai 1694 langs breiddene og vadestadene over elva Ter nær Puente Mayor i nærleiken av den viktige byen Girona i Catalonia i Spania.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I 1694 valte den franske kongen å invadere Catalonia, og sette armeen til Catinat i Piemonte på defensiven ved å flytte soldatar over til den spanske fronten.

Statthaldaren i Catalonia, don Juan Manuel Lopez Pacheco Acuña Giron y Portocarrero, marki av Villena, hertugen av Escalona, var òg armékommandante for den spanske armeen og hadde sett opp ei stilling langs breidda av elva Ter. Den franske armeen var leia av marskalk duke of Noailles, som ønskte å erobre Gerona.

Dei to armeane var jamstore (20 000 infanteristar og 4-5 000 kavaleristar). Dei franske regimenta bestod hovudsakleg av erfarne soldatar, medan dei spanske styrkane hadde mange rekruttar og einingar som aldri hadde vore i strid før. I tillegg hadde franskmennene fleire kanonar og godt trente offiserar og mannskap.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Den spanske armeen var delt inn i tre korps for å vakte vadestadane ved Verges, Ullà og Torroella.

Dagane før hadde fienden prøvd å krysse vadestaden ved Verges utan å lukkast, og flytta så til Ullà og Torroella de Montgri. Den 27. mai hang ei tett tåke over elvebreiddene og 2 000 franske dragonar og kavaleristar tok nytte av dette, etterfølgt av mange grenaderar, og kryssa elva umerka ved Torroella de Montgri. Dei gjekk så til åtak på det spanske infanteriet, som vart bombardert av det franske batteriet på den andre sida av elva.

Etter det førte muskettåtaket til spanjolane klarte dei ikkje å effektivt stå imot den møtande fienden og starta å flykte frå slagmarka slik at resten av den spanske armeen hamna i uorden. Mange vart drepne fordi dei ikkje klarte å effektivt forsvare seg mot franskmennene, medan resten av det spanske kavaleriet drog av stad slik at infanteriet vart forsvarslause. Heile den spanske armeen hamna i uorden og kavaleriet flykta med baktroppen til dei nådde Girona.

Franskmennene rykte framover mot spanjolane og møtte liten motstand. Dei tok livet av mange soldatar og tok mykje utstyr og kanonar.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

I følgje den offisielle versjonen 2931 spanske infanteristar og 324 hestar døydde, vart skadde eller deserterte. I følgje franske kjelder mista spanjolane over 9 000 mann inkludert 2 000 fangar, medan dei sjølv tapte kring 500 mann.

I denne situasjonen hadde ikkje statthaldaren noko anna val enn å sende nokre soldatar til Girona og marsjerte med størsteparten av armeen sin mot Barcelona, der han vart verande heile juni. Samstundes plyndra franskmennene 10 landsbyar kring elva Ter.

Den 30. mai, tre dagar etter det spanske nederlaget ved Ter, starta Noailles ein blokade både på land og til sjøs ved festninga Palamos, som overgav seg til franskmennene den 10. juni. Byen Girona vart teken den 29. juni.

Barcelona vart redda av den franske krigsministeren som reduserte pengestøtta til den marskalk Noailles og slik immobiliserte armeen hans. Ein annan faktor var at den engelske flåten under Edward Russell fekk den franske flåten under Tourville til å trekkje seg tilbake til Toulon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1911 Encyclopædia Britannica, 11th Edition, New York 1910, Vol.X, p.460: "The oriflamme and the Chape de St Martin were succeeded at the end of the 16th century, when Henry III., the last of the Huset Valois, came to the throne, by the white standard powdered with fleurs-de-lis. This in turn gave place to the famous tricolour."George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250, "...the standard of France was white, sprinkled with golden fleur de lis...". *[1] The original Banner av Frankrike was strewn with fleurs-de-lis. *[2]:on the reverse of this plate it says: "Le pavillon royal était véritablement le drapeau national au dix-huitième siècle...Vue du château d'arrière d'un vaisseau de guerre de haut rang portant le pavillon royal (blanc, avec les armes de France)."