Juan Manuel Santos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juan Manue Santos
Juan Manuel Santos and Lula (cropped).jpg
Fødd10. august 1951 (70 år)
Bogotá i Colombia
Statsborgar avColombia
PartiPartido Social de Unidad Nacional
Yrkepolitikar, journalist, samfunnsøkonom, advokat
Utdanna vedUniversity of Kansas
London School of Economics
Harvard Kennedy School
Tufts University
The Fletcher School of Law and Diplomacy
Kansas State University
Colegio inediluz
FarEnrique Santos Castillo
VervPresident i Colombia 7. august 2010–
FøregangarÁlvaro Uribe
VervForsvarsminister i Colombia 7. august 2006-22. mai 2009
EtterfylgjarGabriel Silva Luján
VervMinister for finans og offentleg kreditt 7. august 2000-7. august 2002
FøregangarJuan Camilo Restrepo
EtterfylgjarRoberto Junguito Bonnet

Juan Manuel Santos Calderón (fødd 10. august 1951) er ein colombiansk journalist, økonom og konservativ politikar som har vore president i Colombia sidan august 2010. Han representerer Partido Social de Unidad Nacional («det sosiale partiet for nasjonal eining», også kalla Partido de la U eller «U-partiet»), som Santos er ein av grunnleggjarane og leiarane av.

Santos blei vald til å vera president i landet frå 7. august 2010 til 7. august 2014 etter å ha sigra over motkandidaten Antanas Mockus i det nasjonale presidentvalget i 2010. Under presidentvalget i 2014 blei han gjenvald for fire nye år, etter å ha sigra over Óscar Iván Zúñiga (CD) i andre valgrunde.

Juan Manuel Santos har tidlegare vore forsvarsminister i Colombia. Han var då involvert i fleire politiske skandalar, som ein intervensjon i Ecuador mot FARC-geriljaen). Han har også vore minister for finans og offentleg kreditt.

Santos kjem frå ein velståande og svært tradisjonell colombiansk familie. Grandonkelen hans Eduardo Santos var den 20. presidenten i landet frå 1938 til 1942, medan fetteren Francisco Santos Calderón var visepresident under Álvaro Uribe.

Santos vart tildelt Nobels fredspris i 2016.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]