University of Kansas
University of Kansas | |
![]() | |
![]() | |
Grunnlagt | 1866 |
---|---|
Type | delstateigd |
Direktør | Richard Lariviere |
Stad | Lawrence i Kansas |
Studentar | 28924 (2006) |
Tilsette | 1 283 (2006) |
Nettstad | www.kansas.edu |
University of Kansas, forkorta KU, er eit delstatseigd universitet i Lawrence i delstaten Kansas i USA. Dei fleste fasilitetane ligg rundt storbyen Kansas City, men det er òg underavdelingar i Wichita, Topeka, og Parsons.
Det vart oppretta i 1866. Jus-utdanninga og ein del andre fagretningar er ganske høgt rangert i USA. Nettlesaren Lynx vart utvikla her og brukte hypertekst-språk før Tim Berners-Lee fann opp HTML.
Skulane er:
- College of Liberal Arts
- School of Architecture and Urban Design
- School of Business
- School of Education
- School of Engineering
- School of Fine Arts
- School of Journalism and Mass Communication
- University of Kansas School of Law (1893)
- School of Pharmacy
- School of Social Welfare
- University of Kansas Honors Program
- University of Kansas Medical Center
- School of Medicine
- School of Nursing
- School of Allied Health
Ved universitetet var det 28 924 studentar og 1 283 vitskapeleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane US$ 6 153 for studentar folkeregistrert i Kansas. Studiane blir gjeve opp til doktorgradsnivå.
Lærestaden har eit naturhistorisk museum i tillegg til Spencer Museum of Art.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «University of Kansas» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2013.