Judenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Judenburg

Judenburg er ein kommune i distriktet Murtal i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 63,8 km² og i kring 10 000 ibuarar, 8 500 av dei bur i byen Judenburg, 737 meter over havet.

Byen har sitt namn etter jødiske handelsmenn som var aktive her frå 1000-talet. I dag er byen eit industri- og handelssenter for nærområda, med tilhøyrande skulestell.

Langrennaren Alois Stadlober, skirennaren Renate Götschl og skiskyttaren Christoph Sumann er alle frå Judenburg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]