Alois Stadlober

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alois Stadlober
20161216 FIS WC NK Ramsau 6854.jpg
Fødd 11. april 1962
Judenburg
Yrke langrennsløpar
Alois Stadlober på Commons
Alois Stadlober i 2016

Alois Stadlober (fødd 11. april 1962) er ein austerriksk tidlegare langrennar frå Judenburg i Steiermark. Han vann både ein gull- og ein sølvmedalje under Ski-VM 1999 på austerriksk heimebane i Ramsau.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Stadlober VM-debuterte under Ski-VM 1982 i Oslo, der han vart nummer 25 på 15 km. I åra framover hamna han langt nede på resultaltlistene i internasjonale renn. Fyrst med sjetteplassen på 30 km i Ski-VM 1991 i italienske Val di Fiemme viste han at han kunne ta kampen opp om topplassane. Under dei olympiske vinterleikane 1992 i Albertville og 1994 på Lillehammer gjorde han sine beste renn på 10 km, og vart høvesvis nummer åtte og ti. Tre år seinare kom han på niandeplass på same distansen under Ski-VM 1997 i Trondheim.

verdsmeisterskapen i nordiske greiner fann stad i Ramsau vinteren 1999 presterte Stadlober og dei andre austerrikske langrennsløparane overmåte godt. Stadlober vart nummer fem både i opningstevlinga 30 km, og i den avsluttande femmila. I mellom dei to tevlingane gjekk han den andre etappen for Austerrike i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med at lagkameraten Christian Hoffmann spurtslo Thomas Alsgaard og Noreg i kampen om gullmedaljen. Markus Gandler og Mikhail Botvinov var dei to andre som stod for den eineståande triumfen. Stadlober tok elles sølvmedaljen på 10 km, 15 sekundar bak den suveren vinnaren, Mika Myllylä frå Finland, og 2,4 sekundar føre nordmannen Odd-Bjørn Hjelmeset.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Stadlober er gift med den tidlegare alpine skirennaren Roswitha Steiner, dottera deira, Teresa Stadlober, har tevla i internasjonalt langrenn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]