Renate Götschl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Renate Götschl i 2008

Renate Götschl (fødd 6. august 1975) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Judenburg i Steiermark, som vann verdscupen i alpine greiner 2000 og i tida 1993-2007 vann heile 46 tevlingar i verdscupen. Ho vann VM-gull i kombinasjonen i 1997, i utfor i 1999 og med Austerrike sitt mixlag i 2007. I alt vann ho ni VM-medaljar og to OL-medaljar mellom 1997 og 2007.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Götschl debuterte i verdscupen i januar 1993, og vann sin fyrste verdscupsiger allereie den 14. mars i same sesongen. Ho vann då eit slalåmrenn i Hafjell, hennar einaste siger den øvingsgreina. Den 14. mars 2007, nøyaktig 14 år etter den fyrste verdscuptriumfen, tok ho i Lenzerheide sin siste siger i eit verdscuprenn. Götschl vann då si 24. utfortevling i verdscupen, i mellomtida hadde ho også vunne 17 super-G-tevlingar og fire kombinasjons-øvingar i verdscupen. Ho vann verdscupen i alpine greiner i 2000, og vart nummer to i 2001, 2002 og 2004.

Götschl vann verdsmeister i kombinasjonen under VM i alpine greiner 1997. Hennar andre, tredje og fjerde VM-medalje kom under alpint-VM 1999 i Beaver Creek i USA. Der vart ho verdsmeister i utfor og kom på sølvplassen både i super-G og i kombinasjonen. Ho heldt fram å vinne sølvmedaljar; i VM 2001 i St. Anton vart ho nummer to i utfor, medan ho tok sølv i kombinasjonen under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City, der ho også fekk med seg ein bronse i utfor.

Også frå VM i alpine greiner 2005 i Santa Caterina fekk Götschl bronsemedaljen i utfortevlinga. Ho var nokså sjølvskriven på Austerrike sitt mixlag som fekk sølv i lagtevlinga. To år seinare var ho med då Austerrike vann VM-gull i lagtevlinga i Åre. I Åre tok si niande og siste individuelle meisterskapsmedalje, ein bronse i super-G. Dermed vart hennar individuelle medaljefangst to gull-, fire sølv- og tre bronsemedaljar.

Götschl la vekk konkurranseskia i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar