Juha Väätäinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Juha Väätäinen
Juha Väätäinen.jpg
Fødd 12. juli 1941
Uleåborg
Yrke politikar, kunstmålar, langdistanseløpar, mellomdistanseløper
Juha Väätäinen på Commons

Juha Väätäinen (fødd 12. juli 1941 i Uleåborg i Finland) er ein finsk politikar og tidlegare mellom- og langdistanseløpar. Han vart i 1971 dobbelt europameister då han på finsk heimebane vann både 10 000 og 5000 meter under meisterskapen i Helsingfors. I 2011 vart Väätäinen vald inn i Den finske riksdagen for Sannfinländarna.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Väätäinen slo gjennom som mellomdistanseløpar og vann i 1965 i den finske meisterskapen 800-meterløpet på tida 1.51,5. Året etter vart det bronse på distansen i den nasjonale meisterskapen, trass i at han vart klokka inn på gode 1.49,3. I 1967 forbetra han den personlege rekorden til 1.48,4, same året i Björneborg vart han finsk meister for andre gong etter 1.49,2. Ny medalje på 800 m fekk han i 1968, slått i innspurten med ein tidels sekund av Olof Nyman. Same året forbetra han den personlege rekorden på 1500 m til 3.43,7.

Deretter gjekk Väätäinen over til å satse på langdistansane. I 1970 noterte han sterke 13.43,2 på 5000 meter og sette ny finsk og nordisk rekord på 10 000 meter med 28.19,6.

Väätäinen imponerte stort då han under den finske meisterskapen 1971 i Uleåborg sprang i mål i einsam majestet på 28.12,8 på 10000-meteren. Tre veker seinare var det klart for EM i friidrett 1971 på olympiastadion i Helsingfors. Opningsdagen i EM stilte han til start på 10 000 m i lag med 34 andre løparar. Straks etter klokka ringde for siste runde, gjorde han eit rykk som einast Jürgen Haase frå Aust-Tyskland vere med. Väätäinen klarde å halde på leiinga heilt til mål, takk vere ei sisterunde på 53,8 sekundar. Sluttida 27.52,7 var den beste han nokon gong presterte. Fire dagar seinare sprang han på halvmila ei enno raskare sisterunde og vann si andre gullmedalje med tida 13.32,4, nær elleve sekundar under sin gamle pers.

I 1972 vart Väätäinen finsk meister på 5000 m. Han forbetra den personlege rekorden på distanden til 13.28,4. Under dei olympiske leikane i München i 1972 vann han eit av kvalifiseringsheata på halvmila på gode 13.32,8. Men i finalen presterte han langt unna pari.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Väätäinen stilte til val ved riksdagsvalet 2007 for Centern i Finland, utan å nå opp. Våren 2011 vart han derimot vald til riksdagsmedlem, då for Sannfinländarna i valkrinsen Helsingfors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]