Jujube
Utsjånad
| Jujube | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Infrarike: | Streptophyta |
| Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
| Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Roseordenen Rosales |
| Familie: | Trollheggfamilien Rhamnaceae |
| Slekt: | Jujube Ziziphus Mill., 1754 |
Jujube (Ziziphus) er ei planteslekt i trollheggfamilien. Fruktene blir kalla jujube, brystbær eller kinesiske dadlar. Jujube er ein gammal kulturplante i middelhavslanda og Aust-Asia. Fruktene kan etast rå, tørka eller sylta. Nokre stader er dei blitt brukt som medisin, mellom anna mot katarr. Kinajujube (Z. vulgaris) er eit av dei viktigaste fruktslaga i Kina. Indiajujube (Z. mauritiana) er noko mindre på storleik.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«jujuber» i Store norske leksikon, snl.no.