Julija Tymosjenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Julija Tymosjenko
Yulia Tymoshenko 2018 Vadim Chuprina.jpg
FøddЮлія Володимирівна Тимошенко
27. november 1960 (61 år)
Dnipro
Statsborgar avSovjetunionen, Ukraina
PartiFedrelandsforbundet
Yrkesamfunnsøkonom, politikar, gründer
Utdanna vedDnipro University of Technology
Oles Honchar Dnipro National University
MorLyudmila Telehina
FarVolodymyr Hrihyan
EktefelleOleksandr Tymoshenko
BarnYevhenia Tymoshenko
Medlem8. Verchovna Rada
9. Verchovna Rada
6. Verchovna Rada
5. Verchovna Rada
4. Verchovna Rada
3. Verchovna Rada

Julija Volodymyrivna Tymosjenko (fødd 27. november 1960) er ein ukrainsk politikar og leiar for partiet Fedrelandsforbundet (Батьківщина). Ho var statsminister i Ukraina frå 18. desember 2007 til 4. mars 2010, då regjeringa vart avsett gjennom mistillitsvotum i nasjonalforsamlinga Verkhovna Rada. Tymosjenko var òg statsminister i landet frå 24. januar til 8. september 2005. Julija Tymosjenko sat fengsla frå 2011 til 22. februar 2014 då ho vart sloppen fri etter eit vedtak i Verkhovna Rada.[1] Vedtaket vart pressa fram etter dei langvarige demonstrasjonane kalla Euromajdan med utgangspunkt i Majdan-plassen i Kiev.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tymosjenko blir rekna som ein av dei mest vestlegorienterte og liberale politikarane i Ukraina. Ho vart omtalt som dronninga til oransjerevolusjonen. Tymosjenko har tidlegare vore visestatsminister då Viktor Jusjtsjenko var statsminister i landet.

Tymosjenko fekk tilnamnet «gassprinsessa» då ho vart rik gjennom privatiseringar av energisektoren i landet medan ho var energiminister. Det blir anteke at ho har ein formue på rundt 60 milliardar kroner.[2]

Ho var motstandar av det russlandsvennlege Kutsjma-regimet, og opplyste at ho ville rettsforfølgje medlemmer av det gamle regimet for korrupsjon. Den 8. september 2005 vart ho og regjeringa hennar avsett av president Jusjtsjenko etter ei rekkje avgangar sentralt i styringsverket og skuldingar om korrupsjon. Den 18. desember 2007 vart ho igjen vald til statsminister i Ukraina. Valet viste eit knappast mogleg fleirtal for henne, ho fekk 226 av dei 450 stemmene i nasjonalforsamlinga. Medan forholdet mellom president Jusjtsjenko og Tymosjenko har forverra seg, har Tymosjenko forbetra forholdet sitt til Russland og statsminister Vladimir Putin.

Tymosjenko var kandidat til presidentvalet i Ukraina i 2010, der ho stilte for alliansen Julija Tymosjenkos blokk. I første valomgang 17. januar fekk ho med 25,1 % nest flest stemmar og gjekk vidare til andre valomgang 7. februar. I andre valomgang fekk Viktor Janukovytsj 49 % av stemmane, mot 45,5 % for motstandaren Tymosjenko.[3] Tymosjenko vart i oktober 2011 dømt til sju års fengsel for maktmisbruk. Ifølgje retten «gjekk ho utover fullmaktene sine då ho som statsminister inngjekk gasskontraktar med Russland».[4] Påtalemakta meinte kontraktane skadd Ukraina økonomisk.

2. oktober 2013 kravde Europarådet si parlamentarikerforsamling at Tymosjenko måtte lauslatast.[5][6]

Tymosjenko vart lauslaten 22. februar 2014 etter fleire månader med uro i Ukraina.[7] Den formelle grunngjevinga var at dei tilhøva ho var dømd for no var avkriminaliserte.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten, nettutgaven: Julia Tymosjenko er satt fri besøkt 22. februar 2014
  2. VG 19. desember 2007
  3. Valgresultat 2. valgomgang, Ukrainas valgkommisjon.
  4. «USA ber Ukraina løslate Timosjenko». Aftenposten. 27. desember 2011. Henta 8. januar 2012. 
  5. «PACE calls for Tymoshenko release». Kyivpost.com. 2. oktober 2013. Henta 28. desember 2013. 
  6. 16:36 (4. oktober 2013). «Cox, Kwasniewski asking Yanukovych to pardon Tymoshenko». Ukrinform.ua. Henta 28. desember 2013. 
  7. – Julia Timosjenko er løslatt NRK (22. februar 2014)
  8. President Yanukovych and Ukraine opposition sign early poll deal Arkivert 28. februar 2014 på Wayback Machine., The Sun (Malaysia) (21. februar 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Julija Tymosjenko