Junindukkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Junindukkar
Sommardrakt bilete frå 5. februar Foto: Gunnar Engblom
Sommardrakt bilete frå 5. februar
Foto: Gunnar Engblom
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Junindukkar
Utbreiinga av Junindukkar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Podiceps
Art: Junindukkar P. taczanowskii
Vitskapleg namn
Podiceps taczanowskii

Junindukkar (Podiceps taczanowskii) er ein medlem i dukkarfamilien, Podicipedidae, som lever isolert på og er endemisk for Juninsjøen sentralt i Peru, 4080 moh. Han er utan flygevne.

Dukkaren hekkar vanlegvis i bukter og kanalar nær breiddene av innsjøen, innanfor 8–75 m frå siv, og sym inn i sivet berre for å hekke eller kvile. Når han ikkje hekkar, føretrekker junindukkar ope vatn, og rører seg langt ut frå breiddene til innsjøen. Den noverande populasjonen er estimert til under 400 individ og er minkande.

Det vitskaplege namnet minnest den polske zoologen Władysław Taczanowski, forfattar av Ornithologie du Pérou (1884–86).

Junindukkar er ein av to nolevande dukkarar som ikkje er flygedyktig, begge lever på høgtliggande innsjøar i Sør-Amerika. Den andre arten er titicacadukkar, Rollandia microptera.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Frå breiddene av Junin i 2005

Kroppslengda er på ca. 35 centimeter. Junindukkaren har ei skifergrå til svart krone som strekker seg ned i nakken til ei mørk overside. Nedre delar av ansiktet, halsen og undersida er kvit, det tynne nebbet er grått. Den kanskje mest slåande eigenskapen er klår raudfarge i iris auge. På sida av hovudet til vaksne som hekkar er det sølvgrå fjører. Ikkje-hekkedrakt liknar, men er generelt litt meir diffus. Ungfuglar kan ha eit brunleg fargeskjær. Kjønna er like, med hannar er gjerne litt større enn hoer.

Lætet inkluderer melodiske fløytertoner «duit» og «wit» og ein lengre «phuuuee» når dei prøver å tiltrekke seg ein make.

Paringsspelet involverer eit par som vender bryst til bryst og snur hovudet raskt frå side til side. Reira til junindukkarar er bygd av totorasiv (Schoenoplectus californicus subsp. tatora) rundt ytterkantane av Juninsjøen, Her kan dei danne koloniar på opptil 20 par. Kullet er typisk på to egg, dei fleste lagt i desember eller januar. I år når vasstanden i innsjøen er spesielt låg, blir det ikkje hekkeresultat.

Hovedmengda av føde er fisk, det meste fisk på under 2,5 cm lengde. Dei et òg mykje insekt, i januar vil sivvekst hindre fisket slik at insektføda brukast som reserve. Dei kan ofte sjåast i å samarbeide og dukke koordinert i små grupper for å fange fisk.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

I 1938 var det meldt at denne dukkaren levde i store mengder på sjøen, i 1961 var populasjonen kvantifisert til over 1000 individ. I 1977-1978 var sjøen undersøkt og ein estimerte bestanden til ca. 300 individ. Etter det er storleiken trudd å vere nokså stabil med små variasjonar og siste estimat per 2019 er at populasjonen siste 10 åra låg i området 300-400.[1]

Avrenning frå gruveavfallsprodukt med tungmetall og anna gift ureinar vatnet og drep småfisken som er dukkaren sin viktigaste matkjelde. Dette har blitt gjeve som hovudårsaka til nedgangen i bestanden. Andre faktorar er store svingingar i vasstanden, årsaka av eit vasskraftverk i nærleiken, vasskraftverket kan føre til at vasstanden fell under 5 meter, noko som hindrar fuglane i å sede opp ungar, og kan skade dei tilgrensande sivmyrene.

Juninsjøen har vore klassifisert som eit nasjonalt reservat sidan 1974, noko som har avgrensa mengda fiske og jakt som kan finne stad der. Meir nyleg, i 2002, vedtok den peruanske regjeringa ei nødlov for å setje strengare restriksjonar på vassutvinning og avgjersler for reinsing av innsjøen, men så langt har dette ikkje vorte handheva strengt. Ein lokal organisasjon, Asociaciόn Ecosistemas Andinos, arbeider med å utdanne lokal folkesetnad om trugsmål mot fuglelivet. Målet er å auke medvitet om problemet, og å få organisasjonane for gruvedrift og vasskraftverk til å forstå problemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger i stor grad på «Junin grebe» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2022.
  • Llimona, F., J. del Hoyo, D. A. Christie, F. Jutglar, and E. F. J. Garcia (2020). Junin Grebe (Podiceps taczanowskii), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.jungre1.01
Referansar
  1. BirdLife International (2022) Species factsheet: Podiceps taczanowskii. Henta den 29. mai 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Junindukkar