Podiceps
Podiceps | |
![]() Spydnebbdukkar, Podiceps major, Santa Vitória do Palmar, Rio Grande do Sul, Brasil Foto: Cláudio Dias Timm
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Podicipediformes |
Familie: | Dukkarfamilien Podicipedidae |
Slekt: | Podiceps Latham, 1787 |
Podiceps er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er dukkarslekta med fleste medlemmer og med dei største dukkarane i «den gamle verda». Representantar hekkar i Europa, Asia, Nord-Amerika og Sør-Amerika. Dei fleste artar på den nordlege halvkula trekker til kysten eller til varmare klima om vinteren.
Som alle dukkarar hekkar dei ved vasskanten, fordi dei ikkje er i stand til å gå godt på land med beina som er festa heil bakpå kroppen. Vanlegvis legg dei to egg i kullet, og dei stripa ungane blir ofte frakta på ryggen av ein av foreldra.
Alle slekta gode symjarar og dukkarar, og forfølgjer fisk under vatn.
Vaksne har ei iaugefallande fjørdrakt, kjønna er like. Om vinteren er fjørdrakta meir fargelaus i gråt og kvitt.
Artslista[endre | endre wikiteksten]
Podiceps i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Spydnebbdukkar, Podiceps major
- Horndukkar, Podiceps auritus
- Gråstrupedukkar, Podiceps grisegena
- Toppdukkar, Podiceps cristatus
- Svarthalsdukkar, Podiceps nigricollis
- Sølvdukkar, Podiceps occipitalis
- Junindukkar, Podiceps taczanowskii
- Tiaradukkar, Podiceps gallardoi
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Podiceps» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2013.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (september 2012), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
