Jyrki Katainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jyrki Katainen
EPP Summit June 2011 - Katainen, Barroso 2 cropped.jpg
Regjeringstid2011-2014
PartiSamlingspartiet
Fødd14. oktober 1971
FødestadSiilinjärvi
EktefelleMervi Katainen
BarnSaara Katainen, Veera Katainen
FøregangarMari Kiviniemi
EtterfølgjarAlexander Stubb

Jyrki Tapani Katainen (fødd 14. oktober 1971 i Siilinjärvi) er ein finsk politikar for Samlingspartiet.[1] Han var finsk statsminister frå 22. juni 2011 til 24. juni 2014. Katainen vart i 2014 foreslått som EU-kommissær og medlem av Juncker-kommisjonen.

Utdanning og privatliv[endre | endre wikiteksten]

Katainen er fødd og oppvakse i Siilinjärvi i landskapet Norra Savolax i Finland. Katainen er utdanna magister i samfunnsvitskap frå Tammerfors universitet. I tillegg til finsk, snakkar han flytande engelsk, fransk og svensk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jyrki Katainen på talarstolen ved Kongressen til det europeiske folkeparti i 2008

I 1999 vart han innvald i Riksdagen for Samlingspartiet og han har sidan vorte attvald ved kvart riksdagsval fram til han vard oppnemnd som EU-kommissær. Katainen vart i 2001 nestleiar i Samlingspartiet og var leiar i partiet i perioden 2004-2014. Før han vart statsminister var Katainen frå 2007 finansminister og visestatsminister i Matti Vanhanens og Mari Kiviniemis regjeringar. Katainen leidde ei koalisjonsregjering beståande av Samlingspartiet, Socialdemokraterna, Vänsterförbundet, Dei grøne, Svenska folkpartiet og Kristdemokraterna.[2] Katainen vart i 2014 foreslått som EU-kommissær og medlem av Juncker-kommisjonen. 14. juni 2014 overlét han leiarvervet i Samlingspartiet til Alexander Stubb. Katainen gjekk av som Finlands statsminister 24. juni 2014, for å verta Finlands EU-kommissær og Kommissær med ansvar for økonomi- og valutaspørsmål i Juncker-kommisjonen.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Personalia» Arkivert kopiWayback Machine., Statsrådets kansli.
  2. «Riksdagen valde Jyrki Katainen till statsminister»[daud lenkje], Riksdagen, 22. juni 2011.
  3. Elster, Kristian (14. juni 2014). «Blir første finlandssvenske statsminister på 55 år» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014. 
  4. NTB-FNB-Reuters (5. april 2014). «Finlands statsminister går av i juni» (norsk). NRK. Henta 15. juni 2014.