Kåre Tveter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kåre Tveter
Fødd 25. januar 1922
Sør-Odal
Død

21. mars 2012

Yrke kunstmålar

Kåre Tveter (fødd 25. januar 1922 i Sør-Odal, død 21. mars 2012 på Lillestrøm) var ein norsk kunstmålar, ofte karakterisert som «ljosmålaren», og kjent for sine måleri med nyansar av kvitt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kåre Tveter vart utdanna ved SHKS som elev av Olav Mosebekk, ved Bjarne Engebrets målarskule i tre år og til sist som elev ved Statens Kunstakademi under Per Krohg og Alexander Schultz 1954-57. Tveter debuterte i 1957, hadde si første separatutstilling i 1959, og sitt gjennombrot i 1965. Han er representert i dei fleste offentlege galleri i Noreg.

Han er kjent for å måle landskap, gjerne haust- og vinterstemningar i duse avtoningar og med minimal fargebruk.

Tveter besøkte Svalbard for første gong i 1982, og vart frå då av bergtatt av Svalbardljoset. Han korkje målar, fotograferer eller tar skisser medan han er på Svalbard. Han samlar i staden inntrykk og hentar desse fram når han kjem heim til atelieret sitt.

Tveter var aktiv som målar fram til 1998, då han fekk slag og ikkje kunne måla lenger. Han døydde i heimen sin på Lillestrøm i 2012 etter lang tids sjukdom og etterlét seg 3 vaksne born. [1]

Eilert Munch Lund laga ein dokumentarfilm om Tveter. Filmen fekk tittelen Kåre Tveter - erindringer og hadde premiere i 2005.

Faste galleri[endre | endre wikiteksten]

Tveter mottok i 1995 Nittedal kommunes kulturpris og i 2005 Sør-Odal kommunes kulturpris. I 2002 gav han 128 eigne arbeid til Stiftelsen Lyshuset Billedsamling i heimkommunen. Stiftelsen Lyshuset Billedsamling vart etablert den 19. mars 2002. Samlinga vart opna av dronning Sonja i oktober 2002.

Kåre Tveter hadde 1995-2000 atelier på Rotnes Bruk i Nittedal. Måleria og ein del av effektane hans er der stilt ut i selskapslokalet "Tveterstuen", som vart opna våren 2004.

I 1995 donerte Tveter 40 av arbeida sine som grunnlag for Stiftelsen Kåre Tveter Samlingen i Longyearbyen, Svalbard. Bileta er no ein del av Galleri Svalbard.

Ikke mange kunstnere har bearbeidet lyset slik som Kåre Tveter. Ikke mange har hatt - og har - et så inderlig forhold til det norske lys under de forskjellige klimatiske forhold. Han henter med seg en stemning ute og tar den med inn for å gi den form på lerretet.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Vinterlys - Lillehammer. akvareller: Kåre Tveter; tekst: Arvid Møller. Labyrinth Press, 1993
  • Jahn Otto Johansen. Vandringer med Kåre Tveter. Stenersens forl., 1990
  • August. bilder: Kåre Tveter; tekst: Arvid Møller. Labyrinth Press, 1988
  • Svalbard, bilder. Kåre Tveter; tekster Arvid Møller. Labyrinth Press, 1986
  • Emil Boyson. Før sporene slettes, dagbok. illustrert av Kåre Tveter. Dreyer, 1981
  • Vinterskog. Arvid Møller, Kåre Tveter. Stenersen, 1980
  • Jon Dobloug. «Kåre Tveter». I: Kunst, 1978, nr 4.
  • Jahn Otto Johansen. «Kåre Tveter, vår store lysmaler» I: Kunst for alle, nr 2, 2005
  • Lars Roar Langslet. «Kåre Tveter». I: Nytt norsk tidsskrift, nr 3/4, 1993

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]