Køk-tyrkarar
Utsjånad
Køk-tyrkarar (gammaltyrkisk türük,[1][2]
kök türük,[1][2] og
türük[3]; 'blå' eller 'himmel-tyrkarar'[4]) var ein mektig, nomadisk konføderasjon i Sentral-Asia, kjend som fleire statar med fellesnamnet Det tyrkiske khaganatet i tidleg mellomalder, frå 552 til 747. Under leiing av Bumin Khan overtok køk-tyrkarane makta i området etter rouranane, og med det også den lukrative handelen med europearane via Silkevegen. Køk-tyrkarane hadde opphav i stammefolka Ashina, som kom frå dei nordlege delane av Sentral-Asia, og var kjent som flinke med smedkunst. Køk-tyrkarar stod bak innskrifter på køk-tyrkisk som er dei eldste kjende døma på tyrkiske språk.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Göktürkene» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]