Kabwe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det store fikentreet i sentrum av Kabwe er eit nasjonalmonument i Zambia

Kabwe er ein by i Zambia med ein folkesetnad på rundt 210 000 og hovudstaden i Central Province. Det tidlegare namnet Broken Hill skriv seg frå då det vart funne bly og sink i nærliggjande Broken Hill i 1902. Dette var elles det som førte til at byen vart grunnlagd. Kabwe hevdar også å vere fødestaden til zambisk politikk.[1]

Gruva i Broken Hill og forureininga[endre | endre wikiteksten]

Namnet ‘Kabwe’, eller ‘Kabwe-Ka Mukuba’ tyder «åre» eller «smeltestad», men dei europeiske/australske skjerparane kalla gruva og byen opp etter ei liknande gruve i Broken Hill i New South Wales i Australia.[2] Gruva vart den største i landet før det store kopargruveprosjektet vart starta i Koparbeltet tidleg på 1930-talet. Utanom bly og sink vart det også utvunne sølv, mangan og tungmetall som kadmium, vanadium og titan i mindre mengder.[3]

Gruva, som ligg på eit 2.5 km² stort område berre 1 km sørvest for sentrumet i byen, er nedlagd i dag, men det vert framleis utvunne metall frå gammal malm. Ein studie frå Blacksmith Institute namngav Kabwe som ein av dei ti mest forureina stadene i verda, grunna at mykje støv frå tungmetall (for det meste sink og bly) endar opp i den lokale vassforsyninga til byen.[4]

I 1921 vart det funne eit menneskefossil (ein hovudskalle) som vart kalla «mannen frå Broken Hill» eller den rhodesiske mannen (klassifisert som Homo rhodesiensis eller Homo heidelbergensis) i gruva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kabwe: the nucleus of national politics» av Kelvin Kachingwe hjå The Times of Zambia.
  2. «Kabwe: From discovery to recovery» hjå Zamnet Online News.
  3. Strategy and Transaction in an African Factory av Bruce Kapferer (Manchester: Manchester University Press, 1972)
  4. Nettstaden til The Blacksmith Institute.