Sambandsflokkurin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sambandsflokkurin

LandFærøyane
Grunnlagt1906
HovudkvarterTórshavn
IdeologiLiberalisme[1]
Politisk posisjonsentrum-høgre

Sambandflokkurin (Sb., norsk omsetjing 'Sambandspartiet') er eit borgarleg politisk parti på Færøyane. Partiet forsvarar i første rekkje at Færøyene skal halde fram i lag med Danmark. Partiet reknar seg sjølv som borgarleg og liberalt, og framhevar den kristne kulturarv til Færøyane. Partiet har klåre konservative trekk.

Partiet vart stifta som Det første partiet til Lagtinget i 1906, som ein reaksjon på dei nasjonale straumdraga på Færøyane frå slutten av 1800-talet. Partiet har vanlegvis hatt sterkast støtte på Eysturoy, Vágar og Norðurstreymoy, i embetsverket, forretningslivet, tradisjonelle jordbruksbygder og indremisjonen.[2][3] Sambandflokkurin er eit av dei fire store partia i færøysk politikk. Partiet hadde seinast statsministerposten ved Kaj Leo Johannesen frå 2008 til 2015.

Bárður Nielsen er formannen til Sambandflokkurin frå 2015, medan Magni Laksáfoss er nestformann.[4]

Politisk plattform[endre | endre wikiteksten]

Merkið. Sambandflokkurin støttar eit indre sjølvstyre for Færøyane innanfor det danske riket.
Foto: Arne List

I det første partiprogrammet til Sambandflokkurin stod det at partiet arbeidde for «Bevarelsen af Færøernes nuværende statsretlige Samband med Danmark.» Sjølv om utgangspunktet er det same, har politikken til partiet endra seg mykje fram til i dag.[5] I dag står det i partiprogrammet at Sambandflokkurin «har til hovedmål i Riksfellesskapet med Danmark å arbeide for det færøyske folks særegenhet og frisinn.»

Partiet har heile vegen vore borgarleg, og har difor tiltrekt seg både konservative og liberale som har til felles at dei ynskjer å halde fram med å ha tette band til Danmark.[5] Partiet fører ein forholdsvis liberal økonomisk politikk, har eit svært konservativt syn på Færøyane sitt tilhøve til Danmark, og har ein sosialpolitikk som må kallast konservativ.

Hovudpunkta i partiprogrammet til Sambandflokkurin er:

  • Å bygge eit tettare samarbeid med Danmark og Den europeiske unionen.
  • At den offentlege lovgjevinga vert utforma slik at den offentlege sektoren er på høgd med dei andre nordiske landa.
  • At alle færøyske familiar kan bu i eige hus eller husvære, og høvet for å leiga bustad òg bør vera til steda, og at dei eldre kan verta buande i sin eigen heim.
  • At skuleverket alltid er på høgd med dei krava som vert stilt i eit høgt utvikla samfunn.
  • Å arbeida for å støtta og styre færøysk kultur og åndsliv, på same måte som at partiet vil arbeida for at færøyingar får god kjennskap til dansk og utanlandsk kultur og åndsliv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prost Fríðrikur Petersen var den første formannen i partiet.
Andrass Samuelsen var partiformann og Færøyenes første statsminister under hjemmestyreloven av 1948.

Ifølgje dåverande redaktør i Dimmalætting, Oluf Skaalum, som var ei drivande kraft bak partidanninga, vart Sambandflokkurin stifta den 28. juli 1906.[6] Prosten Fríðrikur Petersen gav partiet namn. Den 18. august 1906 erklærte 13 av 22 medlemmar av Lagtinget i Dimmalætting at dei hadde stifta eit politisk parti, og at dei kalla seg «sambandmenn». Mennene var prost Petersen, sysselmennene OLiver Effersøe, Søren Müller, Thomas Juul Petersen og Clement Olsen, lærarane Jógvan Poulsen, Niclas J. Djurhuus og Óli Niklái Skaalum, bøndene Andreas Weihe og Johan C.F. Dam, fullmektig Andrass Samuelsen, arkivar Anton Degn og kjøpmann Jacob Dahl.

Partidanninga vert sett på som ein reaksjon mot dei nasjonale strømningene på Færøyene på slutten av 1800-talet.[7] Spesielt var den nasjonale rørsla sitt krav som offisiell heider av det færøyske språket noko Sambandflokkurin sine grunnleggjarar frykta ville få negative konsekvensar for Færøyene si stilling i det danske riket. Kort tid seinare vart Sjálvstýrisflokkurin stifta som ein reaksjon på Sambandflokkurin. Med detta starta partipolitikken på Færøyene, og det skulle ikkje ta lang tid før dei to partia kniva om fleirtalet i Lagtinget. Fríðrikur Petersen vart vald til den første formannen til Sambandflokkurin, og det første partiprogrammet vart skrive like etter.

Frå byrjinga var Sambandflokkurin imot færøysk som offisielt språk på øyane, og arbeidde for at dansk framleis skulle vera språk i blant anna skule, kyrkje og offentleg administrasjon. Grunna detta tiltrekte partiet seg naturleg nok ein del lærarar, geistlege og embetsmenn, som hadde naturleg interesse av å forsvara stillinga til dansken. På den andre sida tiltrekte Sjálvstýrisflokkurin seg mykje av den kulturelle eliten. Språksaka heldt fram med å vera den viktigaste politiske saka heilt fram til færøysk vart offisielt språk i 1938. Sidan den gong har Sambandflokkurin støtta færøysk som hovudspråk på øyane, men har samstundes ynskt å halda fram praksisen med undervising i dansk i folkeskolen.

Ved folkerøystinga om sjølvstyre i 1946 fekk ja-sida eit knapt fleirtal, noko som sende sjokkbølgjer igjennom Sambandflokkurin. Likevel vart ikkje resultatet godkjent av den danske regjeringa, men øyane fekk utvida sjølvstyre med Hjemmestyreloven av 1948. Formann i Sambandflokkurin sidan 1924, Andrass Samuelsen, stifta deretter regjering og vart Færøyenes første statsminister (løgmaður). Samuelsen gjekk samstundes av som partiformann og vart etterfølgt av Johan Poulsen. Samuelsens regjering vart likevel sitjande til 1950, då partifellen Kristian Djurhuus tok over. Djurhuus måtte gå av i 1958, men vart på nytt statsminister frå 1968 til 1970. 1970-åra vart dominert politisk av sosialdemokratiske Atli Dam, men i 1981 vart Sambandflokkurin sin Pauli Ellefsen statsminister. Ellefsen hadde då leidd partiet sidan 1974, og satt fram til 1990, då Edmund Joensen tok over. Joensen og Sambandflokkurin fekk gode valresultat i etterkant av den økonomiske krisa tidleg i 1990-åra (største parti ved lagtingvalet 1994), og Joensen kunne difor stifta regjering i 1994. Ved lagtingvalet 1998 opplevde partiet derimot ein tilbakegang på to mandat, vart redusert til fjerde største parti, og måtte forlata regjeringskontora til fordel for sjølvstyrepartia.

Sjølv om partiet vart størst i Lagtinget i 2002, under leiing av Lisbeth L. Petersen, vart ikkje partiet med i noko regjeringssamarbeid. Sambandflokkurin gjekk inn i regjering saman med Fólkaflokkurin og Javnaðarflokkurin i 2004, med Jóannes Eidesgaard frå Javnaðarflokkurin som statsminister. Kaj Leo Johannesen vart formann i Sambandflokkurin same år, men gjekk ikkje inn i regjeringa. Samarbeidet mellom partia braut saman i 2008. Seinare same år måtte Javnaðarflokkurin likevel erstatta Miðflokkurin og Tjóðveldi med dei to tidlegare samarbeidspartnarane sine, og Kaj Leo Johannesen vart statsminister. Johannesen heldt fram som statsminister i ei mindretalsregjering mellom Sambandflokkurin og Javnaðarflokkurin frå 2011, etter at Fólkaflokkurin braut ut som følgje av usemje om den økonomiske politikken.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Bárður Nielsen er formann for Sambandflokkurin.
Foto: Magnus Fröderberg/norden.org

Partiformenn

Gruppeformenn etter 1990

Valhistorikk[endre | endre wikiteksten]

Lagtingval[8][9]

År Røyster Mandat
# %
1906 961 62,4
12 / 20
1908 663 66,1
13 / 20
1910 861 72,2
13 / 20
1912 459 52,3
13 / 20
1914 699 52,7
12 / 20
1916 397 37,8
10 / 20
1918 2 969 50,2
9 / 20
1920 3 478 58,4
10 / 20
1924 3 676 58,6
13 / 23
1928 2 917 46,0
10 / 23
1932 3 936 50,1
11 / 21
1936 2 654 33,6
8 / 24
1940 2 722 32,2
8 / 24
1943 2 736 28,3
8 / 25
1945 3 214 24,4
6 / 25
1946 3 783 28,6
6 / 25
1950 3 170 27,3
7 / 25
1954 3 312 26,0
7 / 27
 
År Røyster Mandat
# %
1958 3 288 23,7
7 / 30
1962 3 082 20,3
6 / 29
1966 4 177 23,7
6 / 26
1970 3 921 21,7
6 / 26
1974 3 799 19,1
5 / 26
1978 5 966 26,3
8 / 32
1980 5 558 23,9
8 / 32
1984 5 330 21,2
7 / 32
1988 6 116 21,2
7 / 32
1990 5 367 18,9
6 / 32
1994 5 986 23,4
8 / 32
1998 4 995 18,0
6 / 32
2002 7 954 26,0
8 / 32
2004 7 501 23,7
7 / 32
2008 6 521 21,0
7 / 33
2011 7 545 24,7
8 / 33
2015 6 036 18,8
6 / 33

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Politiska stevnuskrá Sambandsfloksins» (på færøysk). Sambandsflokkurin. 2002. Henta 30. desember 2015. 
  2. Wylie, Jonathan (2011). «Eg oyggjar veit? Views, Overviews and Oversights». I Gaïni, Firouz. Among the Islanders of the North. An Anthropology of the Faroe Islands (på engelsk). Fróðskapur. s. 11–56. ISBN 99-9186-534-9. 
  3. Pons, Christophe (2011). «The Anthropology of Christianity in the Faroe Islands». I Gaïni, Firouz. Among the Islanders of the North. An Anthropology of the Faroe Islands (på engelsk). Fróðskapur. s. 102. ISBN 99-9186-534-9. 
  4. Petersen, Niels (24. oktober 2015). «– Nú rætta vit kós, Sambandsflokkurin stendur við síni virðir» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 1. februar 2016. Henta 30. desember 2015. 
  5. 5,0 5,1 «Søgan» (på færøysk). Sambandsflokkurin. Henta 30. desember 2015. 
  6. Skaalum, Oluf (2010). Úr lágari lon. Endurminningar (på færøysk). Stiðin. ISBN 978-99918-42639. 
  7. «The Faroe Islands: Options for Independence» (PDF). Island Studies Journal 1 (2): 225. ISSN 1715-2593. 
  8. «Løgtingsval skift á flokkar, atkvøður og tingmenn (1978–2011)» (på færøysk). Hagstova Føroya. Henta 20. mars 2016. 
  9. «Løgtingsval skift á valdømi og flokkar (1906–2004)» (på færøysk). Hagstova Føroya. Henta 20. mars 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anja Andreasen. Sambandsflokkurin í 100 ár (på færøysk). Sambandsflokkurin. ISBN 99918-3-198-3. 
  • Pól á Kletti. Sambandsflokkurin, upphav og virki: partur av søgu Sambandsfloksins (på færøysk). Sambandsflokkurin. ISBN 99918-920-0-1. 
  • «Sambandsflokkurin 75 ár». Føroyatíðindi. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]