Kakhovka-reservoaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kakhovkareservoaret)
Kakhovkareservoaret
innsjø
Land  Ukraina
Oblast Kherson oblast, Zaporizjia oblast, Dnipropetrovsk oblast
Tilsig Dnepr
Utløp Dnepr
Høgd 44 moh.
Lengd 240 km
Areal 2 155 km²
Volum 18,2 km³
Kart
Kakhovka-reservoaret
47°30′ N 34°15′ E
Wikimedia Commons: Kakhovka Reservoir

Kakhovkareservoaret (ukrainsk Каховське водосховище, Kakhovs’ke vodoskhovysjtsje) er eit reservoar i Dnepr. Det dekkjer i alt 2 155 km² av Kherson, Zaporizjia og Dnipropetrovsk oblast i Ukraina. Reservoaret vart skapt i 1956 då Kakhovka vasskraftverk vart bygd.

Reservoaret er 240 km langt, opp mot 23 km breitt og har ei middeldjupne på 8,4 meter. På det djupaste er reservoaret 26 meter. Vassvolumet er 18,22 km³.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]