Krementsjuk-reservoaret
Utsjånad
(Omdirigert frå Krementsjukreservoaret)
| Krementsjukreservoaret | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Oblast | Polatava oblast, Tsjerkasy oblast, Kirovohrad oblast | ||
| Tilsig | Dnepr | ||
| Utløp | Dnepr | ||
| Høgd | 77 moh. | ||
| Koordinatar | 49°16′N 32°38′E / 49.267°N 32.633°E | ||
| Lengd | 149 km | ||
| Areal | 2 250 km² | ||
| Volum | 13,5 km³ | ||
![]() Krementsjuk-reservoaret 49°16′00″N 32°38′00″E / 49.266666666667°N 32.633333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Kremenchuk Reservoir | |||
Krementsjukreservoaret (ukrainsk Кременчуцьке водосховище, Kremenchuts’ke Vodoskhovysjtsje) er det største reservoaret i Dnepr. Det er kalla opp etter byen Krementsjuk, og dekkjer i alt 2 250 km² i Poltava, Tsjerkasy og Kirovohrad oblast i det sentrale Ukraina. Reservoaret vart skapt i 1959 då Krementsjuk vasskraftverk vart bygd.
Reservoaret er 149 km langt, 28 km breitt og hare i middeldjupne på seks meter. I alt inneheld reservoaret 13,5 km³ vatn. Dei største byane ved reservoaret er Tsjerkasy og Svitlovodsk. Sula-elva munnar ut i reservoaret og dannar eit delta med mange øyar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kremenchuk Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
