Kalfatre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sida på eit treskip vert kalfatra og tjørebreidd. I seglskutetida vart ofte skipet kjølhalt for å få arbeidet gjort på den delen av skuta som elles låg under vatn.
Kalfatring av ein trebåt.

Å kalfatre (gjennom nederlandsk kal(e)fat(er)en frå arabisk qálfata, «tjørebre eit skip», kanskje er opphavet latin) vil seie å tette med stry mellomromma, natane, mellom plankane i skroget på skip, båtar og på båtdekk av tre, for deretter å forsegle med smelta bek, kitt eller høveleg kunststoff for å gjere det vasstett. Til å banke ned stryet i natane vert nytta ein tung hammar av tre og eit kalfatjarn.

Verktøy til kalfatring: hammar av tre, forsterka med jarnringar, og kalfatjarn. Her er det dekket som vert gjort vasstett ved kalfatring.

Å omkalfatre, som er å erstatte gamal nating med ny, altså å kalfatre omatt, er brukt i overførd tyding om å snu opp-ned på noko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kalfatre