Kaliforniakondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaliforniakondor
Kaliforniakondor
Kaliforniakondor
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiingsområde for kaliforniakondor. Området tidleg på 1800-talet er framheva, svart utbreiingsområdet rundt 1950, oransje utbreiingsområdet i 2012
Utbreiingsområde for kaliforniakondor. Området tidleg på 1800-talet er framheva, svart utbreiingsområdet rundt 1950, oransje utbreiingsområdet i 2012
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Gymnogyps
Art: Kaliforniakondor G. californianus
Vitskapleg namn
Gymnogyps californianus

Kaliforniakondor (Gymnogyps californianus) er den nest største arten i kondorfamilien (Cathartidae) etter andeskondor. Han høyrer heime sørvest i USA, spesielt California og Arizona, men på slutten av 1800-talet var han utbreidd så langt nordaust som i sørlege Alberta i Canada. Som eit resultat av aktiv jakt og passiv forgifting med plantevernmiddel som DDT, sank populasjonen dramatisk, spesielt på første halvleiken av 1900-talet.[1] Frå 1987 til 1992 var han rekna som utdøydd i naturen.

I 1987, då den siste ville kondoren vart fanga, var berre 27 individ framleis i live. Men sidan dei òg reproduserte seg godt i fangenskap, vart kondorar fleire gongar sleppte ut i naturen frå 1992 og framover i det største avlsprogrammet for vern av ein art i USA. Kaliforniakondorar lever no i nærleiken av dei fire stadene for utsetting i naturen: i California i Big Sur og i Pinnacles nasjonalpark (desse to bestandane har no sameina seg), ved Vermilion Cliffs National Monument i nordvest i Arizona og i det nordlege Baja California. Per slutten av 2019 var det totalt 518 levande individ, 337 av dei i fridom.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Merka og tagga individ av kaliforniakondor i ulike framsyningar, montasje. Til samanlikning ein kalkunkondor i øvre høgre hjørne

Kaliforniakondorar kan nå eit vengespenn på omtrent 2,8 meter. Kroppslengda er opp til 117-134 centimeter. Middelverdi av kroppsvekt er 8,5-8,8 kilogram. Hannane veks til å bli rundt 9 % større enn hoene.[3] Fjørdrakta hos heilt modne individ er generelt mørk og nær svart, fjørene på halskransen er stipla grå. Armsvingfjørene på oversida av vengen har innslag av kvitt. Dei fremste undervengdekkfjørene er kvite og dannar ein kvit trekant på undersida av vengene. Hovudet er bert, berre nokre få svarte stubbfjører er synlege på panna. Den berre huda på hovudet til dei vaksne fuglane er gul til raudoransje, nebbet er gult og auga raude.

Juvenilar har mørkt hovud og framleis dun på halsen. Nebbet deira er svart, auga gråbrune. Halen er spiss, den lyse trekanten på undersida av vengen endå mørkare enn hos eldre fuglar. Frå tre til seks eller sju år blir hovudet oransje, det tar til med halsen.

Reproduksjon

Hoa legg berre eitt egg i kullet, og ho legg egget rett på bakken mellom februar og mai. Steinhòler og store trehòler fungerer som hekkeplassar. Egget blir ruga av hannen og hoa saman til det er klekt etter omtrent 55 til 60 dagar. Ungen har dundrakt, hovudet blir først verande bert og er gult eller rosa. Dunfjørdrakta blir seinare grå og strekker seg òg til hovudet. Reirperioden er omtrent seks månader. Etter denne tida byrjar dei unge kondorane sine første forsøk på å flyge. Dei vil bli tatt hand om av eldre i månadsvis. Ungfuglane får ikkje ferdig vaksen fjørdrakt før dei er seks år. Dei er kjønnsmodne i tidlegast ein alder av seks år. På grunn av den langvarige pleia som ungane treng, så hekkar kondorar berre kvart andre år. Kaliforniakondorar kan bli 45 år gamle.

Føde

Kaliforniakondorar lever nesten alltid av åtsel av større pattedyr. Store fuglegrupper samlast for å ete på eit kadaver. Dei kan ete 1 til 1,3 kg kjøtt i eitt måltid og deretter klare seg utan føde i fleire dagar.[4] Dei rører seg opptil 30 km unna hekkeplassen på jakt etter mat.

Gjeninnføring og vernetiltak[endre | endre wikiteksten]

Mating av ein kondorunge klekt i San Diego Zoo Safari Park. Med «dummyhanskar» unngår ein uønskt preging frå menneske
Kaliforniakondor i glideflukt
Foto: Chris Parish, Peregrine Fund

Allereie på byrjinga av 1900-talet var den sterke nedgangen i kondorbestanden i California tydeleg merkbar. Det finst ikkje pålitande estimat for bestanden for første halvleiken av 1900-talet, men trenden var trudd å vere sterkt minkande. Eit av estimata for år 1950 er rundt 150 individ, seinar søkk populasjonen til 21 i 1982.[3] Frå 1987 til 1992 var han rekna som utdøydd i naturen.

I 1988 lukkast ein for første gang å klekke ein kondorunge til menneskeleg omsut. For å auke talet ungar vart det første egget fjerna frå reirplassen, noko som førte til at hoene la eit egg til. Det første egga som vart fjerna frå reiret vart klekt i rugemaskin og oppdradd av dyrepassarar. For å hindre at ungfuglane vart innprenta på menneske, vart det utvikla spesielle handdokker som såg ut som kondorhovud. Ungfuglane vart òg eksponert for lydopptak av vaksne fuglar medan dei vart mata. Fleire optimaliseringar av oppdrettsmetodane førte til at mellom 25 og 30 ungar kunne oppdrettast per år i løpet av kort tid.

Så tidleg som i 1992 vart dei første kondorane i California sleppte ut i naturen i nærleiken av Big Sur i Los Padres National Forest. Seinare utsleppsstader blei Vermilion Cliffs National Monument i Arizona, Pinnacles National Park i California og Baja California i Mexico. I 2002 ruga desse utsette fuglane i naturen for første gang. Sidan 2006 har dei to populasjonane Big Sur og Pinnacles smelta saman til ein større, sentral California-populasjon ved å utvide territoria. I 2014 vart det første vellykka oppdrett stadfesta i delstaten Utah. Foreldra kjem frå villmarka i Arizona, hekking fann stad i Zion nasjonalpark.[5] Klekking av den tusande kondorungen sidan byrjinga av programmet for vern av arten fann òg stad i Zion nasjonalpark i 2019.[6]

Ei viktig årsak til nesten-utryddinga var forgifting av fuglar med metallisk bly frå jaktammunisjon, dei får i seg blyhagl frå kadaver og slaktavfall av skoten vilt. Som del av eit omfattande overvakingsprogram som følgde med gjeninnføringa, vart det funne at kondorane framleis er utsette for bly. Korkje den gjeninnførte populasjonen eller kommande utsette fuglar kan føre til ein stabil populasjon utan utvida vernetiltak. Alle lauslatne fuglar blir fanga omtrent kvart anna år og testast for bly. Rundt ein femdel av fuglane må då gjennom handsaming fordi grenseverdiane er overskridne.[7]

I California er bruk av blyhaldig jaktammunisjon no forbode i regionane der kondorane lever. Forsøket på å forby blyhagl i eit større område møtte likevel motstanden frå National Rifle Association, sidan alternativ som mjukt jern har ulemper i nokre tilfelle og wolfram- eller koparkuler er dyrare. Utan ytterlegare restriksjonar kan arten likevel ikkje vernast på lang sikt. Om berre 0,5 % av skrottane som tener som mat er forureina med blyammunisjon i den grada som er typisk i dag, vil reproduksjonsraten til kondorane vere for låg for bevaring av arten.[7] Dette kan berre oppnåast gjennom eit totalforbod mot blyammunisjon og ved at denne forskrifta blir følgd.

Trass i den snøgge vekstrata i populasjonen sidan gjeninnføringa starta, er arten kategorisert som kritisk truga av IUCN.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. U.S. Fish and Wildlife Service: California Condor (Gymnogyps californianus). 5-Year Review: Summary and Evaluation. USFWS, Pacific Region, Portland (OR) 2013 (PDF 2,2 MB), S. 3 f.
  2. National Park Service: World CA Condor Update – 2019
  3. 3,0 3,1 Finkelstein, M., Z. Kuspa, N. F. Snyder, og N. J. Schmitt (2020). California Condor (Gymnogyps californianus), version 1.0. I Birds of the World (P. G. Rodewald, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.calcon.01
  4. CondorParthenogenesis. frå nettstaden til San Diego Zoos, henta 6. november 2021
  5. National Park Service: Zion National Park – Biologists Catch First Glimpse of Condor Chick in Utah. Pressemelding den 15. juli 2014, henta 6. november 2021
  6. The Peregine Fund: Confirms 1000th Chick Zion National Park biologists spot chick north of Angels Landing, 9. juli 2019
  7. 7,0 7,1 Myra E. Finkelstein, Daniel F. Doak, Daniel George, Joe Burnett, Joseph Brandt, Molly Church, Jesse Grantham, Donald R. Smith: Lead poisoning and the deceptive recovery of the critically endangered California condor. In: Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America. Bd. 109, Nr. 28, 2012, S. 11449–11454, doi:10.1073/pnas.1203141109
  8. BirdLife International (2021) Species factsheet: Gymnogyps californianus. Henta 6. november 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kaliforniakondor