Andeskondor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andeskondor
Andeskondor
Andeskondor
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av andeskondor
Utbreiinga av andeskondor
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Kondorar Cathartidae
Slekt: Vultur
Art: Andeskondor V. gryphus
Vitskapleg namn
Vultur gryphus

Andeskondor (Vultur gryphus) er største fuglearten i kondorfamilien, Cathartidae. Han har leveområde i Andesfjella og mot stillehavskysten i vestlege Sør-Amerika, og er den største fuglen med flygeevne i verda målt etter ein kombinasjon av vekt og vengespenn. Han har eit maksimalt vengespenn på 3,2 m og kroppsmasse på opptil 15 kg. Han blir òg generelt rekna som den største rovfuglen i verda.[1][2] Hokondorar er mindre enn hannar, eit unntak frå regelen blant rovfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Andeskondor i dyrehage i Frankrike
Andeskondor i Colca canyon

Dette er ein stor svart kondor med ein krans av kvite fjører som omgir nakkebotnen og, spesielt hos hannen, store kvite felt på oversida av vengene. Hovudet og halsen er nesten fjørlause, og har ei uklår raudfarge som kan endrast med stimuli. Hannen har brune augo, hoa har raude.[3] I motsetnad til kaliforniakondoren (Gymnogyps californianus) har hannfuglen av andeskondoren ein kjøttliknande mørkeraud kam på krona på hovudet. Sjølv om kaliforniakondoren frå nebb til hale er omtrent 7–8 cm lengre, har andeskondor eit vidare vengespenn, som varierer frå 2,6–3,20 meter. Hannar er òg vanlegvis tyngre og når ei vekt på 11–15 kg mot 8–11 kg for hoer. Total kroppslengde kan variere frå 100–130 cm.[4] Andeskondorar har den største gjennomsnittsvekta for alle nolevande flygande fuglar eller pattedyr, føre trompetersvane (Cygnus buccinator) og krøllpelikan (Pelecanus crispus).[5]

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Hoa legg berre eit egg i kullet. Det legg ho rett på bakken på ei hylle eller i ei hole i fjellet. Paret forplantar seg berre kvart andre år, normalt. Det gjev ein låg reproduksjonsrate. Begge foreldra tar ansvar for ruginga. Rugetida kan ta 54–65 døger. Ungen er flygedyktig først etter 6 månader. Ungfuglen har ei brun fjørdrakt, og oppnår svartkvitdrakta etter opp mot 8 år. Det er kjent at ein andeskondor har levd i over 75 år i fangenskap.

Utbreiing og levevis[endre | endre wikiteksten]

Dietten for denne arten er i hovudsak kadaver av store og mellomstore pattedyr som til dømes guanakoar, men dei tar òg daude fuglar som fjellnandu. Leveområdet for andeskondoren ligg i fjellandskap langs Andes frå Patagonia i sør til Colombia i nord, ofte over 5000 moh. Men i ørkenområde i Peru og Chile kan andeskondorar gå heilt ned til strandsona for å beite på kadaver av kval og sel. Dei lever òg over opne grassletter sør i Argentina og på øyar rundt Kapp Horn.[4] Fuglen vil ofte nytte oppstigande luftstraumar langs fjellsider til å vinne høgd. Han kan òg gå korte strekningar til fots.

Vern og status[endre | endre wikiteksten]

Den globale populasjonen av andeskondorar er estimert til 6700 individ og er minkande. I år 2020 blei status for arten hos IUCN endra frå er ein nær truga art til ein sårbar art, VU. Det har vore gjort freistnad på å gjeninnføre arten i område i Colombia og Venezuela og det finst tidlege rapportar på at det har lukkast. Han er trua av tap av habitat og sekundær forgifting frå kadaver som er drepne av jegerar, i fleire land er det vitna om bruk av gift i åte for å drepe pumaer. Slike forgifta kadaver blir òg ete på av kondorar. Likeins skjer forgifting av åte for andeskondorane fordi dei blir trudd å åtake husdyr. Andre trugsmål er blyforgifting frå jaktammunisjon, kollisjon med kraftleidningar og konkurranse på kadaver frå dei langt mindre svartkondorane.[6]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Andeskondoren er eit nasjonalsymbol for Colombia, Ecuador, Bolivia og Chile, der han er avbilda på våpenskjoldet og rekna som nasjonalfugl og i nokre høve også nasjonaldyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Første versjon delvis frå «Andenkondor» på tysk Wikipedia, henta 15. mars 2006
  • Dels omsett frå «Andean condor» på engelsk Wikipedia, henta 17. oktober 2021
Referansar
  1. Smith, Chris (January–February 2000). «Birds of prey at the Oklahoma City Zological [sic] Park». Watchbird: 42. 
  2. Pavez, Eduardo F. (2016). «Causes of Admission to a Rehabilitation Center for Andean Condors (Vultur gryphus) in Chile» (PDF). Journal of Raptor Research 50 (1): 23–32. doi:10.3356/rapt-50-01-23-32.1. 
  3. «Fact sheet, Andean condor». Smithsonian National Zoological Park. 26. januar 2009. Arkivert frå originalen 9. oktober 2007. Henta 18. oktober 2021. 
  4. 4,0 4,1 Houston, D., G. M. Kirwan, D. A. Christie, and C. J. Sharpe (2020). Andean Condor (Vultur gryphus), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
  5. Dunning, John B. Jr., red. (2008). CRC Handbook of Avian Body Masses (2nd utg.). CRC Press. ISBN 978-1-4200-6444-5. 
  6. BirdLife International (2021) Species factsheet: Vultur gryphus. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. oktober 2021

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Andeskondor