Kall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lat det vera Kjerring elder Kall; den klokaste styrer best.

Ein kall, av norrønt karl, mann, er ein gift eller ein gammal mann. Av same opphavet kjem ordet «kar». Mange skil mellom kall, gammal mann, og kar, vaksen mann eller moden gut. Slik har ordet «kall» fått ein negativ biklang, medan «kar» oftast er eit honnørord.

Ordet finst i mange indoeuropeiske språk med grunntydinga 'gammal eller moden mann'. Ei hokjønnsavleiing av ordet finn ein i «kjerring».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6