Hopp til innhald

Kallali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kallali
stad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Kart
Kallali
59°00′31″N 6°23′40″E / 59.008611111111°N 6.3944444444444°E / 59.008611111111; 6.3944444444444

Kallali er ein liten stad med gardsbruk og nokre hytter som ligg ved sørsida av Lysefjorden i Ryfylke. Staden ligg berre ein kilometer lenger ut i fjorden frå kraftbygda Flørli. Truleg grunna dette fekk garden Kallali tidleg telefon, sjølv om dei to stadene er skilte av stupbratte fjell.

Namnet kjem av at det ligg tvers over fjorden frå Kallastein, og ein kunne kalla over til kvarandre, og t.d. invitera til kaffi. Det er dei einaste to gardane/stadene i Lysefjorden som ligg slik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]