Kalle Løchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kalle Løchen
Kalle Løchen.jpg
Fødd 9. mai 1865
Fåberg
Død

20. november 1893
Christiania

Yrke skodespelar, kunstmålar, teaterskodespelar
Kalle Løchen på Commons

Kalle Løchen (9. mai 186520. november 1893) var ein norsk kunstmålar og skodespelar, fødd på Fåberg i Oppland. Arne og Einar Løchen var eldre brør.

Selvportrett, 1885

16 år gammal byrja Løchen i 1881 på Tegneskolen i Kristiania med Julius Middelthun som lærar. Han var òg elev hos Wilhelm von Hanno og Knud Bergslien. I 1883 deltok han i Frits Thaulow sitt såkalla «friluftsakademi» på Modum og debuterte same året på Høstutstillingen i Kristiania. Arbeida hans er i den naturalistiske stilretninga, forma med «friske penselstròk og varsame fargeverknad».

Løchen gifta seg i 1886 med skodespelaren Anna Brun (1862-92) og fekk to born med henne. Han byrja som skodespelar då paret flytta til Bergen og arbeidde på Den Nationale Scene. Sidan returnerte han til hovudstaden og var knytt til Klingenberg Theater, som låg på Tivoli i Oslo.

Løchen skaut seg i Ekebergskogen i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]