Kallesignal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Kallesignal er eit kjenneteikn som identifiserer utsenderen av ei radiosending. Det kan bestå av eit namn (til dømes «Lillesand Radio») eller ein bokstavkombinasjon (til dømes «LAA») anten sendt på telefoni (opplesen ved hjelp av stemmen), eventuelt med det internasjonale fonetiske alfabet eller send på telegrafi ved hjelp av morsealfabetet.

Ein radiostasjon sitt oppkall til ein annan spesiell radiostasjon består av den andre stasjonen sitt kallesignal følgt av eige kallesignal. På amatørbanda er «CQ» oppkall til alle som mottek anropet. «Mayday» eller «SOS» er naudkalling til alle som mottek sendinga.

Eit kallesignal kan identifisera til dømes ein amatørradiostasjon, lokalradiostasjon, kringkastingsstasjon, kystradiostasjon, skipsradiostasjon, luftfartøy, flygekontrollenhet, satellittradiostasjon, politipatrulje, ambulanse, brannbil eller sentral for politi, brannvesen eller ambulanse.

Ein radiostasjon kan for identifikasjon bruka eit kallesignal i den internasjonale kallesignallista utarbeidde av SN sitt organ. I Noreg vert dette brukt  av mange sivile radiostasjonar, men ikkje av kringkastingen som berre brukar det ordinære namnet på kanalen, t.d. «NRK kanal 1».

Militære stasjonar i NATO-land nytter anten kallesignal i den internasjonale kallesignallista eller eigne taktiske kallesignal som kan vera vanskelege å identifisera av ukjende og som dagleg vert endra.

Fly kan bruka registreringsbokstavane eller forkorting som kallesignal. LN-ABC kan verta til forkorta LBC og kallast med «lima bravo charlie». Rutefly brukar vanlegvis rutenummeret som kallesignal. SAS-Noreg sin rute SK 123 vert kalla med «Scanor123» medan Norwegians rute DY456 vert kalla med «Norshuttle 456». Ein luftambulanse kan kallast med «Helidoc 03».

Identifikasjon kan òg gjerast digitalt på kringkastingsmottakere i t.d. FM-bandet, slik at ein på ein liten skjerm kan avlesa namnet på stasjonen.

Døme på norske kallesignal[endre | endre wikiteksten]

  • LAA – tre bokstavar identifiserer ein norsk landbasert radiostasjon, til dømes ein kystradiostasjon eller ein kringkastar.
  • LAA10 – tre bokstavar og dessutan eitt eller to siffer identifiserer ein umanna radiostasjon, til dømes ein kringkastar.
  • LAAA – fire bokstavar identifiserer ein skipsradiostasjon.
  • LA1A – to bokstavar etterfulgt av eit siffer og dessutan ytterlegare 1-3 bokstavar identifiserer ein amatørradiostasjon eller ein annan spesialstasjon.
  • LAM1234- LAM etterfulgt av 4 siffer, (LA-monitor) tildelast radioamatørar utan radioamatørsendelisens med medlemskap i Norsk Radio Relæ Liga, NRRL, som kan senda stadfestingar til radioamatørar dei har lytta på.
  • LBA – Eit kallesignal som startar med LB1 og ein bokstav identifiserer ein militær stasjon. Understasjonar kan ha ytterlegare ein karakter. Militære landbaserte radiostasjonar nyttar som regel prefiksa JW og JX.
  • LL1000 – LL eller LJ og dessutan fire siffer identifiserer ein mindre fritidsbåt.
  • LK1000 eller LM1000 – LK eller LM og dessutan fire siffer identifiserer eit mindre fiskefartøy.
  • LN-AAA – LN etterfulgt av eit bindestrek og tre bokstavar identifiserer eit luftfartøy og dets radiostasjon. Den tredje bokstaven kan angje O for helikopter, G for seilfly(glidar) og Y for mikrofly.
  • PR10000 – eit kallesignal innleidde med «PR» har vore brukt av privatradiostasjonar på 27 MHz bandet då dei var konsesjonspliktige. På dette bandet var det svært vanleg å bruka selvvalgte kallenavn som kallesignal.
  • XX eller XXX, tre bokstavar for NDB, og to bokstavar for ein svakare LOC, localiser, som er radionavigasjonssendarar i bandet mellom langbølgen og mellombølgja som radiopeilesendere for fly og skipstrafikken. Kallesignalet vert sendt som langsam morse.

Døme på kallesignal for flyselskap[endre | endre wikiteksten]

  • BRAATHENS – Braathens
    • BUSYBEE – Busy Bee of Norway
  • NORSHUTTLE – Norwegian Air Shuttle
    • NORSTAR – Norwegian Long Haul
    • NORTRANS – Norwegian Air International
    • REDNOSE – Norwegian Air UK
  • SCANDINAVIAN – Scandinavian Airlines, SAS Commuter
    • SCANOR – SAS Braathens
  • WIDERØE – Widerøe

Merknad[endre | endre wikiteksten]

1. Kallesignala kan òg byrja med:

  • 3Y (for Bouvetøya, Peter Is Øy og norske landområde i Antarktis),
  • JW (for Svalbard og Bjørnauga),
  • JX (for Jan Mayen),
  • eller eit anna prefiks i serien LA-LN.

Referansar[endre | endre wikiteksten]