Kalsoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Færøyane med namn på øyane

Kalsoy (tyding: Mannøya), er ei av dei 18 øyane som utgjer Færøyane. Ei gamal stavemåte er Kallsoy, på dansk Kalsø. Øya høyrer til regionen Norðoyggjar, nordøyane. Kalsoy ligg mellom Kunoy og Eysturoy.

  • Flatevidd: 30,9 km²
  • Innbyggjartal: 147 (31. desember 2002)
  • Høgaste fjell: Nestindar, 788 moh
  • Kommune: Klaksvík, som har teke opp i seg dei tidlegare kommunane Mikladalur og Húsar.

Alle dei fire bygdene på Kalsoy er bundne saman med eit tunnelsystem som stod ferdig i 1986. Tunnelane gav samband med Trøllanes på nordspissen Kallur, der eit av fyrtårna på Færøyane finst.

På folkemunne vert øya kalla (på grunn av dei fire tunnelane) «blokkfløyta». Den avlange øya har fått åtte tunnelopningar som trolla kan nytta til å spela fløyte.