Kamé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå kame.
Kamé

Kamé eller kame (frå italiensk cam(m)eo)[1] er ein type gravering i relieff, det vil seia eit opphøgd bilde. Vanlegvis har relieffet ein annan farge enn bakgrunnen. Kamé blir brukt til smykke, signetringar og ulike pyntegenstandar.

Grand Camée de France, ein romersk onyks-kamé med fem lag.

Ein kan laga kaméar av til dømes edelsteinar som onyks, jade eller agat, eller i skjel. Ein kan også laga kamear av glas eller keramikk, som i jaspergods.

Intaglio er eit innskore mønster som dermed er ein motsett teknikk av kamé-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kamé