Onyks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Onyks

Ei skive av sardonyks (breidde = 2,5 cm)
Generelt
KategoriOksidmineral
Kjemisk formelSilika (silsiumoksid, SiO2)
Identifikasjon
Molekylvekt60 g / mol
FargeVarierande
KrystallsystemTrigonal, monoklinisk
KløyvFråverande
BrotUjamn, muslig
Mohs hardleiksskala6–7
GlansGlasaktig, silkeaktig
Strekfargekvit
Spesifikk vekt2,65–2,667
Kunsthandverk

Onyks er ein varietet av mineralet kalsedon (dvs. mineralet kvarts). Han er samansett med avvekslande smale svarte og kvite lag, som er skarpt fråskilde, rette og parallelle. Han vert nytta som smykkestein, særleg til kamear.

Onyksmarmor[endre | endre wikiteksten]

Onyksmarmor er ein fint banda og gjennomskinneleg kalkbergart med kvit, gul, brun eller grønleg farge. Han er danna som dryppstein eller ved utfelling frå varmekjelder. Han tek politur og blir nytta som pyntelekam. Han er òg kjent under namn som meksikansk marmor, orientalsk alabast eller berre alabast. I handelen blir han òg brukt den villedende kortforma onyks.

Sardonyks[endre | endre wikiteksten]

Sardonyks er ein agat med parallelle raudbrune og kvite band. Han vert nytta som smykkestein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Onyks» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. desember 2013.
  • «Onyksmarmor» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.
  • «Sardonyks» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.