Relieff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dette høgrelieffet frå ein romersk marmorsarkofag frå rundt 250 e. Kr. med ei kampscene mellom romerske soldatar og germanarar.

Relieff er ei form for skulptur der motivet er delvis opphøgd og framheva i høve til ei plan bakgrunnssflate. I høgrelieff eller hautrelieff står den biletlege framstillinga opp frå bakgrunnsplanet, i lågrelieff eller basrelieff er djupneforholda sterkt forkorta og figurframstillinga trer ikkje mykje fram frå bakgrunnsplanet. Det finst også mellomformer (demi-relief) og relief en creux, nedsenka relieff.

Nedsenka relieff (relief en creux) brukt på husalter frå det 18. egyptiske dynastiet som viser Akhenaten, Nefertiti og tre av døtrene deira. Denne reliefftypen er karakteristisk for det gamle Egypt.
Karakteristisk flatt lågrelieff eller bas-relief frå Assyria viser kong Assurnazirpal II frå 800-talet f. Kr.

Ordet «relieff» kjem frå italiensk rilievo gjennom fransk relief og tyder 'gjort høgare'. Omgrepet blei først brukt av Cennino Cennini rundt 1400. Teknikken er særs gammal, og er mellom anna kjend frå istidskunst. Dei fleste kulturfolk har hatt ei eller anna form for relieffer eller skulpturell flatekunst. I Sumer, Assyria og Det gamle Egypt blei relieff mellom anna brukt til å dekorera gravminne, tempel, medaljongar og myntar. Det same galdt Hellas i antikken og Romarriket, der ein kan nemna dei greske Parthenonrelieffa og den 40 meter høge Trajansøylen av marmor i Roma. Relieff er også kjend frå tempel og byggverk elles i verda, for eksempel på øya Elephanta ved Mumbai i India og tempelruinen BorobudurJava i Indonesia. I Noreg finn ein relieffkunst frå norrøn tid i dyreornamentikk på smykke og i treskurd.

Under renessansen lærte kunstnarar seg nye teknikkar for å visa anatomi og perspektiv meir realistisk både i måleri og relieff. Lorenzo Ghiberti sine berømte relieffutsmykka bronsedører Porta del Paradiso til baptisteriet i Firenze stammar frå tidleg i denne perioden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Relieff» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 18. september 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Relieff
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.